Barn treng både kvinnelege og mannlege rollemodellar. Tradisjonelt er det imidlertid ei stor overvekt av kvinner på dei arenaene der barn møter vaksne, først og fremst i barnehagen og på skulen. Difor er det ei utfordring å få fleire menn til å velje utradisjonelt når dei skal velje yrke.

I eit forsøk på å møte utfordringa har Kunnskapsdepartementet lagt fram ein handlingsplan for likestilling i barnehage og grunnopplæring 2008–2010. Målet er at 20 prosent av dei tilsette i barnehagane skal vere menn i framtida.
Ein betre kjønnsbalanse inneber ikkje berre at gutane får ein vaksen mann dei kan identifisere seg med. Alle barn treng å få oppleve at både kvinner og menn kan ta del i omsorga. Fleire mannlege barnehagetilsette er med på å viske ut det gamle kjønnsrollemønsteret. Barn ser at det er anerkjent at menn arbeider i omsorgs- og oppvekstsektoren. Det har mykje å seie for likestillinga i arbeidslivet og i samfunnslivet elles på litt lengre sikt.
Utfordringar til deg
- Kvifor treng vi fleire menn i barnehagen?
- Er det nokon forskjell på mannlege og kvinnelege rollemodellar?
I så fall, kva for forskjellar?
Læringsressursar
Rollemodell
Fagstoff
Kven er rollemodellar?
KjernestoffKva gjer oss til rollemodellar?
KjernestoffKva er ein god rollemodell?
KjernestoffFilmar med tema rollemodell
KjernestoffRollemodell
KjernestoffÅ vere rollemodell i ei gruppe
KjernestoffRollemodell - fysisk aktivitet
KjernestoffRollemodell i dramaarbeidet
KjernestoffHygiene og rollemodellar
KjernestoffRollemodell – helse
Kjernestoff- Tilleggsstoff
Kjønnsroller og rollemodellar Du er her
Tilleggsstoff
Oppgaver og aktiviteter
Oppgåver til «Kven er rollemodellar?»
KjernestoffOppgåver til filmen «Rollemodell»
Kjernestoff