Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. RollemodellChevronRight
  5. Kva er ein god rollemodell? ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er ein god rollemodell?

Somme liker ikkje heilt tanken på at dei skal vere førebilete for barna. Det høyrest litt nifst ut. Dessutan veit vi at vaksne ikkje er perfekte. Men barn spør ikkje etter perfekte vaksne. Dei spør etter vaksne som bryr seg om dei. Vaksne som ser dei og høyrer dei.

Fedre lager mat sammen med to små barn. Foto.

Barna blir det du er

Anten vi liker det eller ikkje, er alle som står barnet nær, og som barnet ser opp til, modellar for barnet. Det er ei psykologisk kjensgjerning og har samanheng med måten barn lærer på.

Nest etter familien er det lærarar og alle som arbeider i barnehagar, barna ser mest opp til og har mest respekt for, fordi det er dei dei er mest saman med.

Det gir desse fagpersonane eit større ansvar for å vere gode rollemodellar enn mange andre yrkesgrupper. Det blir viktig å tenkje over korleis vi er mot kvarandre. Vi bør oppføre oss fint, vere høflege, møte andre med respekt og tillit og vaske hendene før vi et.

Dessutan må det vere samanheng mellom liv og lære. Vi må vere truverdige og vise barna at vi sjølve praktiserer det vi lærer dei. Då forstår barna at det er slik det skal vere.

Undersøkingar har vist at dei personane barna vel som modellar, gjerne er kjenslemessig varme og sosiale menneske. Det har òg vist seg at vaksne personar som er hjelpsame og sjenerøse overfor andre, kan fortelje at dei hadde foreldre som ikkje berre snakka om å vere snille, men som òg sjølve praktiserte det dei lærte.

Uheldige rollemodellar

Det motsette ytterpunktet er uheldige rollemodellar. Ein vaksen person som er oppfarande, irritabel og hissig, eller som mobbar og forskjellsbehandlar, set òg avtrykk i barna sin identitet. Aggressiv og asosial åtferd blir òg tileigna gjennom modellæring. Undersøkingar viser at barn lett etterliknar aggresjon som blir utført av personar dei opplever som autoritetar.

Oddbjørn Evenshaug har vore forskar ved Pedagogisk forskingsinstitutt ved Universitetet i Oslo i fleire tiår. No er han pensjonist og driv sin eigen nettstad for besteforeldre: besteforeldre.no. I ein artikkel om rollemodellar skriv han:

"Barna bærer med seg et bilde resten av livet av de mennesker som sto dem nær i oppveksten. Dette bildet kan ha stor betydning for dem – på godt og vondt – gjennom livet. Skal det være et godt bilde som de kjenner glede og varme ved når de henter det fram? Et bilde som inspirerer og gir mot på livet? Det hører med til de alvorlige sider ved å leve at dette bildet skapes her og nå".

Utfordringar til deg

  1. Kva for eigenskapar meiner du at ein vaksen rollemodell må ha? På kva for måte kan den vaksne delta saman med ungdommane?
  2. Kor viktige er barne- og ungdomsarbeidarar som rollemodellar?
  3. Kva kjenneteiknar dei menneska som barna vel som rollemodellar?
  4. Les om det å vere rollemodell i ulike situasjonar i lenkjesamlinga.

Læringsressursar

Rollemodell

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter