Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. RollemodellChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva gjer oss til rollemodellar?

Det er forska lite på kva det eigentleg er som gjer eit menneske til eit førebilete, og kvifor vi vel eitt førebilete framfor eit anna. Christian W. Beck er førsteamanuensis i pedagogikk ved Pedagogisk forskingsinstitutt ved Universitetet i Oslo. Han har gjort seg mange tankar rundt val av rollemodellar.

– Eg trur at vi tidleg dannar oss visse førestellingar om kven vi er, og kvar vi skal. Så finn vi nokon som representerer desse førestellingane på ein måte som det er mogleg å strekkje seg etter. Noko av det gåtefulle med å vere menneske er at vi plutseleg kan bli fascinerte av eit eller anna, og så er livsløpet lagt.

Beck peiker på at vi påfallande ofte kan føre interesser, yrkesval og veremåte tilbake til menneske som står oss nær tidleg i livet. Desse personane stod for eit eller anna, og dei gjorde noko som fascinerte oss, eller som trigga fantasien.

– Vi kan ikkje planleggje å bli rollemodell, seier Beck. – Det må vere noko med oss som andre oppfattar som ettertrakta. Lærarar og andre som arbeider med barn og unge, blir automatisk førebilete fordi dei er vaksne og bruker mykje tid saman med dei. Men berre til ein viss grad. Somme blir meir populære enn andre utan at vi heilt skjøner kvifor.

Forskaren meiner det er viktig at dei som arbeider med barn, er medvitne om kor stor innverknad dei har. Ingen verkemiddel har større effekt enn eit godt førebilete. Éi handling kan seie meir enn tusen ord. Barn er ikkje alltid like flinke til å gjere som dei vaksne seier, men dei etterliknar oss heile tida.

Utfordringar til deg

  1. Diskuter innhaldet på sida: Er du einig i det forskaren seier her? Kva er meint med at du må vere klar over kva slags
    påverknad du har?
  2. Kva for eigenskapar bør ein rollemodell ha?
  3. Korleis blir ein rollemodell for barn og unge?

Læringsressursar

Rollemodell

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter