Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. RollemodellChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kven er rollemodellar?

Hadde du ein kul onkel som reiste jorda rundt og sende postkort då du var liten? Ein lærar som oppmuntra deg til å bli flink i matte? Ein nabo som hadde ein avslappa livsstil, køyrde motorsykkel og blei beundra av barna i gata? Då er sjansen stor for at dei har farga det synet du har på omverda i dag.

Mor og datter raker løv. foto.

Vi har alle nokon vi ser opp til. Foreldre, sysken, venner, ein lærar, ein politimann, ein bussjåfør, ein popsongar eller ein skodespelar. Lista over førebilete blir lang om vi tenkjer etter.

Å sjå opp til nokon er ein del av sosialiseringsprosessen, den prosessen som formar oss som menneske og lærer oss korleis vi skal innrette oss i fellesskapet. Når vi er små, prøver vi å likne mest mogleg på foreldra våre eller på andre vaksne. Utan at vi er klar over det, kopierer vi åtferda deira, talemåtane, tankesettet, haldningar, vanar og uvanar. Det kan danne åtferdsmønster som kan vere vanskelege å endre seinare i livet.

Kven er rollemodellar?

Tidleg i livet er dei som står oss nærast, dei viktigaste rollemodellane våre. Ingen påverkar oss meir enn dei. Etter kvart som vi utvidar horisonten, utvidar vi rollelista òg. Vi inkluderer menneske vi ikkje kjenner så godt, og til slutt også framande og folk vi aldri kjem til å møte.

Rollemodellar er nolevande, fiktive eller historiske personar som vi av ein eller annan grunn beundrar eller identifiserer oss med.

Det er typisk for måten små barn lærer på, at læringa skjer utan at dei sjølve eller dei vaksne er klare over det. Barna lærer ikkje haldningar, normer og verdiar hovudsakleg gjennom teoretisk undervisning. Dei næraste omsorgspersonane overfører sosial og kulturell kunnskap til barnet gjennom det dei gjer og det dei seier, og barnet tek etter.

Har vi først funne oss ein rollemodell, gjer vi mykje for å bli som han eller henne. Vi kopierer klesstil, utsjånad og åtferd, eller vi lèt oss inspirere til å bli like dyktige i noko som denne personen er.

For ein del år sidan var det vanleg å finne seg førebilete i den nære omverda. Etter kvart har andre heltetypar komme på banen. No til dags finst idola i mange variantar, og dei finst på fleire arenaer.

Nokre kategoriar av rollemodellar er

  • foreldre (far, mor, andre føresette)
  • slektningar (bror, syster, onkel, tante, besteforeldre)
  • venner (kameraten som alltid er til å stole på, ei populær venninne)
  • autoritetspersonar (barnehagetilsette, lærarar, politikarar)
  • yrkesutøvarar (brannmann, politikonstabel, flyvertinne)
  • historiske personar (Fridtjof Nansen, Winston Churchill, Florence Nightingale)
  • mediepersonar (popstjerner, idrettsutøvarar, programleiarar)
  • fiktive personar (Hannah Montana, Indiana Jones, Pelle og Proffen)
Far som lærer ein liten gut å knyte skolissene. Foto.
Ein god rollemodell

Læringsressursar

Rollemodell

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter