Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Tryggleik der barn og unge oppheld seg ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ut på tur – alltid lur

Barn er glade i rutinar, men dei er også glade i det som bryt opp kvardagen. I alle fall når dei først har fått støvlane på og det ikkje er nokon veg tilbake til det trygge leikerommet!

I garderoben i barnehagen. Illustrasjon.

Utflukter gir masse inspirasjon – anten ferda går ut i naturen eller til ein stad i byen. Etterpå er barna fulle av inntrykk og ny innsikt, og turen er samtaleemne i fleire dagar etterpå.

Ein ekskursjon stiller mange krav til dei som skal passe på tryggleiken. I byen gjeld det først og fremst å vakte seg i trafikken. Turar i skogen, på fjellet eller til sjøen inneber at du må vere merksam på fleire plan.

Barnehagar og fritidsklubbar eller ungdomsklubbar lagar vanlegvis eigne sjekklister for at turen skal bli så vellykka som råd er.

Hugseliste for tryggleik

  • Sørg for riktig bemanning
  • Bruk skjønn og gjer ei risikovurdering ut frå kor mange barn som skal vere med, kor lang turen er, og kva slags aktivitetar du legg opp til. Kor mange vaksne må vere med?
  • Skaff ein instruktør
  • Skal de ut og fiske, gå på jakt, rafte, padle i kano, køyre slalåm, skyte med paintball eller klatre i fjellet, er det lurt å alliere seg med ein ekspert som kan gi rettleiing.
  • Hald flokken samla
  • La ikkje turdeltakarar gå åleine. Dei må alltid vere minst to.
  • Avgrens området
  • Dersom de arrangerer aktivitetar, er det lurt å leggje aktivitetane til ein oversiktleg stad der de kan halde auge med alle deltakarane.
  • Gi god informasjon
  • Fortel deltakarane nøye kva som skal skje, kva dei skal gjere, og kontroller at alle forstår informasjonen.
  • Instruer om tryggleik
  • Før de set i gang aktiviteten, bør deltakarane få vite korleis dei skal bruke utstyret, og korleis dei unngår uhell.
  • Ta med riktig utstyr
  • Refleksvestar, redningsvestar, sykkelhjelmar, mobiltelefon, kniv, solkrem, solbriller og førstehjelpspakke er døme på viktig utstyr. Skal de på fisketur, er det lurt å ta med ei avbitartong i tilfelle ein fiskekrok set seg fast i ein finger.
  • Sjekk vêrmeldinga

Utfordringar til deg

  1. Ta kontakt med barnehagar, skular, skulefritidsordningar, speidarforeiningar og liknande i nærområdet ditt og finn ut kva dei gjer for å ta hand om tryggleiken på tur. Be om å få sjå ei sjekkliste dersom dei har ei slik.
  2. Lag di eiga sjekkliste for ein tur med barnehage eller skule.
  3. Lag eit informsjonsskriv om ein tur for
    a) ein barnehage
    b) ein skule
    c) ein ungdomsklubb
    Gi tilbakemelding til kvarandre på infoskriva de har laga. Be gjerne faglærar og norsklærar om å lese over.
  4. Finn gode og trygge turmål i nærområdet ditt.
  5. I nokre område finst det hoggorm. Oppgåver til refleksjon: Korleis vil du opptre om de ser ein huggorm der de er på tur? Korleis kan du gjera borna trygge eller utrygge ved veremåten din? Kva vil det seia at huggorm er freda? Veit du kva du skal gjera om eit barn vert biten av huggorm?

Læringsressursar

Tryggleik der barn og unge oppheld seg

SubjectEmne

Fagstoff