Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Leiketøy

Gjenstandar vi bruker og omgir oss med til dagleg, kan ha ulike farlege eigenskapar. Somme er innlysande – det seier seg sjølv at ein kan skjere seg på ein kniv. Andre er skjulte – visse batteri kan innehalde giftige tungmetall, og visse rustfjerningsmiddel for tøy kan gi alvorlege etseskadar på kroppen.

Bade-ender i ulike farger og varianter. Foto.

Kven har ansvaret

Produsentar, importørar og forhandlarar har ansvar for å vurdere om dei produkta dei lagar og sel, kan medføre fare. For mange slags produkt er det innført reglar som stiller strenge krav til innhald, utforming og merking.

Justis- og politidepartementet har utarbeidd ei forskrift om leiketøy og tryggleik. Denne forskrifta inneheld strenge krav til produsentar, importørar og forhandlarar av leiketøy for barn.

Her er dei viktigaste krava i forskrifta:

  • Leiketøy skal vere utforma slik at det er minimal risiko for at brukarane kan bli skadde på grunn av dei fysiske eller mekaniske eigenskapane ved leiketøyet.
  • Leiketøy som kan puttast i munnen, skal ikkje kunne blokkere andingsorgana.
  • Leiketøy skal ikkje innehalde eller gi frå seg helsefarlege eller brannfarlege stoff. Det gjeld ikkje minst måling, tusjar og fargestiftar som kan innehalde tungmetall som bly, kadmium, arsen, kvikksølv og andre.
  • Leiketøy skal ikkje innehalde radioaktive stoff eller gi helseskadeleg stråling.
  • Leiketøy skal vere konstruerte slik at risikoen for skadar på grunn av elektriske eigenskapar eller lydnivået til leiketøyet er minimal.
  • Leiketøy skal vere konstruerte slik at dei ikkje fører til infeksjon, sjukdom og smitte.
  • Leiketøy som inneheld materiale som kan gi allergiske reaksjonar, bør vere merkte med åtvaring.
  • Dersom det er spesiell risiko ved å bruke eit leiketøy, skal det merkjast med tydeleg åtvaring. Leiketøy som kan vere farlege for barn under 36 månader, skal merkjast særskilt.
  • Leiketøy som inneheld magnetar, skal ha særskild merking. Magnetar som heng saman eller festar seg til ein metallgjenstand inne i kroppen, kan føre til alvorleg eller dødeleg skade.

Ein del produkt er haldne utanfor forskrifta, for eksempel julepynt, sportsutstyr, luftgevær, kastepiler og syklar.

Kikk etter CE merket

Alle produkt som har eit CE-merke, oppfyller krava frå styresmaktene om helse og tryggleik. CE-merket er felles for EU og EØS og finst på mange ulike produkt. Alt leiketøy som er meint for barn under 14 år, skal ha dette merket. I Noreg er det Statens forureiningstilsyn (SFT) som fører kontroll med import og sal av alle slags produkt.

Utfordringar til deg

  1. Kva er det produsentar, importørar og forhandlarar har ansvar for?
  2. Kva er CE-merking?
  3. Kven kontrollerer import og sal av leiker i Noreg?
  4. Ta med deg punktlista du finn over, og besøk ein butikk som sel leiker. Finn døme på leiker som fyller krava i lista. Sjå også etter om leikene er merkte slik som det står i forskriftene at dei skal merkjast.
  5. Kva kan dei tilsette i leiketøysforretninga om tryggleik?
  6. Ta kontakt med nokre barnehagar og skulefritidsordningar og finn ut kva dei tenkjer på når dei kjøper leiker. Kor opptekne er dei av tryggleik?
  7. Barn kan alltid setje leiker i halsen. Det er derfor viktig at du veit kva du skal gjere dersom noko slikt skjer.

Læringsressursar

Tryggleik der barn og unge oppheld seg