Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Tryggleik der barn og unge oppheld seg ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis tek vi hand om tryggleiken?

Å ta godt vare på barn og unge er noko av det viktigaste samfunnet vårt kan gjere. Derfor må vi alltid prioritere tryggleiken høgt i barnehagar, skular, skulefritidsordningar og andre tilbod til dei unge.

Et barn klatrer og har sikkerhetsutstyr. Foto.

Tryggleik, ulykker og skadar

Tryggleik er sjølvsagt ikkje eit eintydig omgrep. Det er ikkje mogleg å gardere seg mot alle slags ulykker og skadar, for vi skal også ta omsyn til den totale utviklinga til barnet.

Leik er ein prosess der barn lærer å meistre situasjonar som kan innebere risiko. Dei må gjere ein del nødvendige negative erfaringar, som å falle, å skli og å få skrubbsår, for at dei skal bli trygge menneske.

For dei som skal arbeide med barn, er det ei utfordring å balansere omsynet til at barn skal få ta del i aktivitetar som gir utfordring og utvikling, opp mot omsynet til at ein skal unngå at det skjer unødvendige og alvorlege uhell.

Forsikring

Både kommunar og private barnehageeigarar har teikna ulykkesforsikring for alle barn i barnehagen. Forsikringa gjeld medan barnet er i barnehagen, på turar og ekskursjonar og på vegen til og frå barnehagen.

Korleis tek vi hand om tryggleiken?

Styresmaktene har utarbeidd fleire retningslinjer, forskrifter og vedtekter som skal gi maksimal tryggleik på stader der barn og unge held til: på leikeplassar, i barnehagar, på fritidsklubbar og på skular. Staten har også innført reglar for leiker og utstyr som blir brukte på dei ulike arenaene.

Viktige lover og forskrifter

Styresmaktene har innført ei rekkje lover og reglar som skal hjelpe oss til å ta vare på tryggleiken for barn og unge.

  • forskrifta om tryggleiken ved leikeplassutstyr
  • forskrifta om tryggleik ved leiketøy
  • forskrifta om miljøretta helsevern i barnehagar og skular

I tillegg finst det mange andre lover og forskrifter som inneheld reglar som er viktige for arenaene til barn og unge. Nokre døme er

  • brannvernlova
  • smittevernlova
  • lova om kontroll med produkt og forbrukartenester
  • forskrifta om grunnskulen
  • forskrifta for badeanlegg, bassengbad og badstue
  • forskrifta om vassforsyning og drikkevatn

Utfordringar til deg

  1. Kvifor er det ikkje mogleg å sikre at ulykker aldri skjer?
  2. Les fagstoffet i lenkja om miljøretta helsevern i barnehage og skule.
  3. Kva er årsaka til at barnehagar må ha forsikring på barna som er i barnehagen?
  4. Diskuter når de meiner at barn kan få tohjulssykkel.
  5. Diskuter om barn skal få ha med private syklar i barnehagen.
  6. Gjer deg kjend med lovverket som er lenkja opp på denne sida.
  7. Sjå videoen «Bruk hovudet – bruk hjelm». Diskuter desse spørsmåla:
    • Når bør barn bruke hjelm?
    • Når og kvifor skal vaksne bruke hjelm?
    • Korleis reagerer du når barn ikkje bruker hjelm?
  8. Kvifor trur du lovverket kan verke førebyggjande på skadar hos barn og unge?

Læringsressursar

Tryggleik der barn og unge oppheld seg

SubjectEmne

Fagstoff