Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Tryggleik der barn og unge oppheld seg ChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Tryggleik der barn og unge oppheld seg

Tryggleik er eit område du som barne- og ungdomsarbeidar må ha gode kunnskapar om, slik at du kan hjelpe til å førebyggje ulykker både blant barn, unge og vaksne. Dette skuleåret skal du jobbe med tryggleik der barn og unge oppheld seg, og vi skal sjå på korleis du kan lære barn å ta medansvar for eigen tryggleik.

To barn på Olabil. Foto.
Leik

Tryggleik var ikkje eit eige emne på Vg1, men byggjer likevel på fleire tema derifrå, som til dømes

  • førebygging
  • helse
  • HMS

Ulykker kan skje overalt, så det er viktig at du tenkjer over kva du kan gjere for å førebyggje ulykker blant barn og unge.

Tenk over

  1. Kva for eit kompetansemål i læreplanen seier at du skal jobbe med tryggleik?
  2. Lag eit tankekart over det du kan om tryggleik frå før. Ta fram tankekartet i slutten av skuleåret og sjå kva du har lært.
  3. Bruk bileta på sida som inspirasjon til å skrive ein tekst om tryggleik.

Læringsressursar

Tryggleik der barn og unge oppheld seg