Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Tenesteveg - kva gjer du?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tenesteveg - kva gjer du?

Som arbeidstakar kan du kome i situasjonar der det ikkje er så lett å vite kva du skal gjere. Mange arbeidsplassar har tydelege prosedyrar som forklarer kva du skal gjere i bestemte situasjonar, medan det i somme saker er opp til deg å gjere gode val.

Mann og en kvinne i samtale. Illustrasjon.
Kva skal e gjere i denne saka?

Kva du skal gjere når ein situasjon oppstår, kan variere etter kvar du jobbar, og kva for rolle du har på arbeidsplassen.

Døme

Eva har ikkje vore på skulen på mange dagar, og de har ikkje høyrt frå henne. Her er det naturleg at du som barne- og ungdomsarbeidar diskuterer saka med læraren, og at det er læraren som kontaktar heimen om ikkje anna er avtalt.

Dersom det same skjer i SFO, og du har det daglege ansvaret der, så er det mest sannsynleg du som ringjer heim for å høyre om Eva har det bra.

Det er viktig både for deg som arbeidstakar og for arbeidsgivaren at du kjenner godt til kva som er tenesteveg i ulike saker. Det er naturleg at du ber leiaren din om å orientere deg om dette når du startar i ein ny jobb.

Det kan oppstå saker der du blir i tvil om kva du skal gjere. Eitt godt råd i slike tilfelle er å spørje leiaren din eller den tillitsvalde. Finn til dømes ut korleis ein gjer ting på den arbeidsplassen du er knytt til.

Nokre tips

  • Ta omsyn til tryggleiken til barna.
  • Ver ærleg overfor deg sjølv og kollegaene dine.
  • Tenk gjennom konsekvensane før du handlar.
  • Be om råd frå andre.
  • Unngå å lage alliansar på arbeidsplassen.
  • Set deg inn i rutinane på arbeidsplassen.
  • Ver profesjonell i arbeidet.

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs