I stortingsmeldinga «Vi smaa, en Alen lange» blir det drøfta konsekvensar for skuleløpet når seksåringar blir inkluderte i skulen, og SFO blir sett på som ein naturlig konsekvens av dette.

Samarbeid skule - heim
I stortingsmeldinga blir det også understreka at skulefritidsordninga skal bidra til heilskap og samanheng for barna ved at ein samarbeider med skule, heim og dessutan kultur- og fritidstiltak i lokalmiljøet.
For barn som har vanskelege levekår, bør SFO inngå i det førebyggjande arbeidet ved å ha eit sosialpedagogisk perspektiv på innhald og organisering.
SFO skal vere ein arena for leik og fysisk aktivitet og samtidig vere ein aktiv kulturformidlar, lære barna gode matvanar, initiere samarbeid og samvær mellom barna innanfor ordninga og eldre elevar og skal dessutan bidra til å inkludere barn med annan kulturbakgrunn og barn med særlege behov.
Intensjonane og måla for kva SFO skal vere og bidra til, er dermed relativt omfattande. I stortingsmeldinga «Om skolefritidsordningen» vegrar ein seg frå statleg hald for å setje vilkår for innhaldet utover målsetjinga og dei føringane som er gidde i den tidlegare nemnde stortingsmeldinga. Det blir til dømes ikkje stilt krav til kompetanse og bemanningsnorm – sjølv om det blir understreka at kompetansen til leiaren har mykje å seie for kvaliteten på tilbodet.
Kvalitet
Det blir opna for ein stor lokal fridom for korleis ein vel å utforme SFO, og dermed er det ofte også stor variasjon i kvaliteten på det tilbodet som blir gitt. Dette kan ein sjå på som positivt ved at mindre styring fra statleg hald gir større lokal fridom i utforming av innhaldet.
Frå statleg hald er det ikkje stilt formelle krav for tilsetjing i SFO, men eit ønske om variert bakgrunn og erfaring hos dei tilsette: Pensjonistar, snikkarar, kunstnarar og andre interesserte vaksne har ei anna rolle og ei anna form for kompetanse som kan gjere kvardagen til barna meir innhaldsrik og verdifull. Det blir likevel nemnt at leiaren av SFO gjerne kan ha formell kompetanse. Dette gjer SFO unik samanlikna med skule og barnehage, der krava til formalkompetanse er tydeleg formulerte.
Utfordringar til deg
Yrke: Barne- og ungdomsarbeidar på SFO
Utfordringar til deg
- Kva for verdi meiner barne- og ungdomsarbeidaren du møter her, at utdanning har?
- Ho seier at barn treng å lære å løyse konfliktar. Diskuter korleis dette kan gjerast.
- På kva måte kan barn lære empati?
- Korleis bør ein møte barn som er i sorg?
- Korleis kan barne- og ungdomsarbeidaren gi barna tryggleik?
- Barne- og ungdomsarbeidaren i filmen fortel om observasjon. Kva er det?
Lag ei teikning eller ein collage som viser kva du trur det er viktig å observere. - Ho fortel at det er viktig å reflektere over det ein gjer. Kva betyr det?
- Korleis bør vaksne oppføre seg mot barn? Kva seier barne- og ungdomsarbeidaren i filmen, og kva meiner du?
- Diskuter kva for fordelar ein kan ha av at det er arbeidstakarar med ulik kulturbakgrunn på ein arbeidsplass.
- Ofte møter barne- og ungdomsarbeidaren barn frå ulike kulturar. Kva for omsyn må ein ta da?
Oppgåver til lydfila «Historien til SFO»
- Kva er SFO?
- Kan du finne nettverket for SFO på Internett?
- Kvifor blei SFO oppretta?
- Når kom dei første SFO-tilboda?
- Når blei det lovfesta å ha SFO?
- Kvifor er det store skilnader i korleis SFO blir drive?
Læringsressursar
Fagarbeidar og arbeidstakar
Læringssti
Wenche på jobb i barnehagen
KjernestoffLærling Wenche sin dag på vidaregåande
KjernestoffLærlingen sin dag i skolen
KjernestoffLærling Wenche som BPA
Kjernestoff
Fagstoff
Hyllest til barne- og ungdomsarbeidarar
KjernestoffBarne- og ungdomsarbeider barnehagen
KjernestoffBarnehagen som arbeidsplass
KjernestoffSkulen i Noreg
Kjernestoff- Kjernestoff
Skulefritidsordninga – SFODu er her
Barne- og ungdomsarbeidar på ein skule
KjernestoffJobb i ein ungdomsklubb
KjernestoffPlikter og reglar som ansatt
KjernestoffMarco Elsafadi om profesjonalitet
KjernestoffBarne- og ungdomsarbeider i barnehage
KjernestoffRollemodellar
KjernestoffTenesteveg - kva gjer du?
KjernestoffDei ulike vaktene i barnehagen
KjernestoffMåltida i barnehagen
KjernestoffSamlingsstund i barnehagen
KjernestoffDet er tid for å hvile litt
KjernestoffUteleik i barnehagen
KjernestoffAktuelle aktivitetar i barnehagen
KjernestoffBarnehagedagen blir avslutta
KjernestoffInformasjonsflyt i barnehagen
KjernestoffWenche sin tidsplan ei veke på jobb
KjernestoffWenche er med i kroppsøvingstimane
KjernestoffWenche sin dag med elever på RM-fag
KjernestoffWenche bidreg på leksehjelpa
KjernestoffWenche på kjøkkenet med ADL-gruppa
KjernestoffWenche bidrar med språktrening
KjernestoffInspeksjon i skulegarden
KjernestoffEin skuletime på småtrinnet
KjernestoffDagen min i SFO
KjernestoffArbeid som BPA
KjernestoffOm brukaren Terje
KjernestoffArbeidstida som BPA
KjernestoffPlanar og aktivitetar hos brukar
KjernestoffWenche sitt forhold til Terje
KjernestoffBrukermedvirkning og verdighet
KjernestoffBrukerstyrt personlig assistanse
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Arbeid i vidaregåande skule
KjernestoffIntervju ein barne- og ungdomsarbeidar
KjernestoffBarne- og ungdomsarbeidar i SFO
KjernestoffFagarbeidar i friminutt og leik
KjernestoffNora er brukarstyrt personleg assistent
KjernestoffIntervju om haldningar
KjernestoffIntervju om profesjonalitet
KjernestoffIntervju om sosial kompetanse
KjernestoffIntervju om tryggleik og tillit
Kjernestoff