Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Skulen i Noreg

Den obligatoriske grunnskulen i Noreg er i dag tiårig, og barna startar som seksåringar.

Etter gjennomført grunnskule vel dei fleste å halde fram i vidaregåande skule, som er frivillig. Dei fleste barn går i offentlege skular, men nokon vel private skular. (Kjelde: utdrag frå Helse- og oppvekstfag vg1)

Gratisprinsippet

  • Grunnskulen er gratis og byggjer på prinsippet om ei likeverdig og tilpassa opplæring for alle barn.
  • Det er skulerett og skuleplikt i grunnskulen.
  • Kommunane er ansvarlege for grunnskulane.
  • Ein må søkje om plass i den vidaregåande skulen, men alle ungdommar mellom 16 og 24 år har lovfesta rett til treårig vidaregåande opplæring.
  • Det er fylkeskommunane som har ansvaret for dei vidaregåande skulane.
  • Dersom ungdom mellom 16 og 19 år ikkje søkjer eller tek imot tilbod om opplæringsplass, eller om dei droppar ut av skule eller bedriftsopplæring og heller ikkje har fast arbeid, har fylket eit ansvar for å leggje til rette eit tilbod. Det er oppretta ei eiga oppfølgingsteneste (OT) for dette. Les meir om oppfølgingstenesta i lenkjesamlinga.

Kunnskapsløftet (2006) innførte gjennomgåande læreplanar frå 1. til 13. klasse og etablerte eit heilskapleg trettenårig skuleløp.

(Kjelde: utdrag frå NDLA Vg1 Helse- og oppvekstfag)

I skulen jobbar lærarar, adjunktar, lektorar, barne- og ungdomsarbeidarar, miljøarbeidarar, spesialpedagogar, reinhaldarar, vaktmeister/driftsbetjent og andre yrkesgrupper.

Skulen blir mellom anna styrt av

– opplæringsloven

– læreplanar for ulike fag

– den generelle delen av læreplanen

Fagfornyinga av Kunnskapsløftet vil vere ei stor endring i norsk skule, og nye læreplanar i faga skal takast i bruk 2020.

Les meir på Udir sine sider om fagfornyinga

I opplæringsloven § 9-1 står følgjande:

«Kvar skole skal ha ei forsvarleg, pedagogisk og administrativ leiing.
Opplæringa i skolen skal leiast av rektorar. Rektorane skal halde seg fortrulege med den daglege verksemda i skolane og arbeide for å vidareutvikle verksemda. Den som skal tilsetjast som rektor, må ha pedagogisk kompetanse og nødvendige leiareigenskapar.
Departementet kan etter søknad gjere unntak frå reglane i andre ledd og gi høve til andre måtar å organisere leiinga på.»

Utfordringar til deg

  1. Ein familie som nettopp har flytta til Noreg, ber deg om å forklare dei korleis det norske skulesystemet fungerer. Kva vil du fortelje?
  2. Kva er skulerett?
  3. Kva er skuleplikt?
  4. Kva rettar har barn med behov for tilrettelegging i skulen?
  5. Kven jobbar i skulen?
  6. Finn ut kva for yrkesgrupper som jobbar på skulen din.
  7. Kven har ansvaret for skulane?
  8. Kva er OT-tenesta?

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs