Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Plikter og reglar som ansatt

I kulturen vår er det eit ideal å vere sjølvstendig, ha sjølvstendige meiningar og klare seg sjølv. Det betyr blant anna at vi oppmuntrar barn og unge til å gjere seg opp sine eigne meiningar om kva som er rett og gale.

Lovanvendelse. Illustrasjon.

Samtidig gir styresmaktene dei tilsette i pedagogiske verksemder påbod om å formidle dei reglane for rett og gale som gjeld i samfunnet.

Tilsynelatande er det ein motsetnad her. Alle skal få lov til å meine det dei vil, men kvar enkelt må følgje reglane som gjeld for alle i samfunnet.

Kva som er rett og gale å gjere når vi arbeider som barne- og ungdomsarbeidarar, blir kalla yrkesetikk. Reglar for rett og gale finn vi i lovverket og faglitteraturen, men dei kan også oppstå lokalt på ein arbeidsplass på grunn av situasjonen på denne arbeidsplassen.

Å være ansatt

Alle tilsette må sjå på barnehagen som eit heile og ha omsorg for alle barna. Dei som arbeider i barnehagen, har mange oppgåver. Blant anna skal dei:

  1. medverke til at verksemda i barnehagen følgjer lovar, forskrifter, retningslinjer og kommunale vedtak
  2. medverke til best mogleg samarbeid mellom alle som arbeider i barnehagen, barna og heimen deira
  3. medverke til at løyvingar til barnehagen blir disponerte på ein føremålstenleg måte
  4. behandle bygningar, leikeplass, inventar, materiell og hjelpemiddel på ein forsvarleg måte
  5. delta på foreldremøte
  6. ta del i rådgiving og rettleiing av studentar og andre som har yrkeserfaring i barnehagen
  7. hindre at andre får kjennskap til det dei får vite om privatpersonar i tenesta (etter § 16 om teieplikt i barnehageloven)
  8. setje seg inn i den alminnelege utviklinga når det gjeld barnehageverksemd og småbarnspedagogikk

Når vi veit kva som er rett og gale, kjem det an på den moralske styrken vår om vi klarer å etterleve dette og ikkje gjere det som er gale.

Yrkesetiske retningslinjer

Dei yrkesetiske retningslinjene fortel korleis du skal te deg i ulike situasjonar. Ofte ligg det også forventningar til haldningane dine i desse retningslinjene.

Dei yrkesetiske retningslinjene kan vere formelle eller uformelle. Dei formelle reglane er felles for alle, medan dei uformelle kan variere frå arbeidsplass til arbeidsplass.

Dei yrkesetiske retningslinjene gjer blant anna greie for:

  • kva for oppgåver og funksjonar som barne- og ungdoms- arbeidarar er kvalifiserte til å utføre eller fylle, og dei oppgåvene og funksjonane dei ikkje er kvalifiserte til å utføre eller fylle
  • korleis barne- og ungdomsarbeidarar skal te seg for å oppnå tillit hos brukarane og i samfunnet elles
  • korleis ein kan sørgje for å skape ei kjensle av felles verdiar og yrkestilhøyrsle (yrkesstoltheit)

Teieplikta

Regelen om teieplikt er ein yrkesetisk regel som gjeld for alle yrke der arbeidstakarane har med menneske å gjere. Den generelle regelen om teieplikt finst i forvaltningsloven.

Forvaltningsloven gjeld berre for offentleg tilsette. Men når andre lovar – som til dømes barnehageloven (§ 21) og barnevernsloven (§ 6–7) – viser til reglane i forvaltningsloven, betyr det at alle som arbeider i barnehagar eller barnevernet (til dømes på ein privat barneheim), må følgje reglane i forvaltningsloven.

Les meir om teieplikta.

Etikk er læra om kva som er rett, og kva som er gale.

Moral er korleis vi lever når vi kjenner forskjellen på rett og gale.

Yrkesetiske reglar

Formelle reglar:

  • barnehageloven
  • forvaltningsloven
  • arbeidsmiljøloven

Uformelle reglar:

  • baksnakking er ikkje lov
  • hald avtalar/pausar
  • møt presis på arbeid og så vidare

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan dei tilsette i ein pedagogisk institusjon hjelpe kvarandre til å leve etter dei yrkesetiske reglane som gjeld for den aktuelle arbeidsplassen?
  2. Kva er yrkesetiske retningslinjer?
  3. Kva er moral?
  4. Intervju ein førskulelærar, ein lærar eller ein barne- og ungdomsarbeidar og finn svar på desse spørsmåla:
    Kva for oppgåver og funksjonar er barne- og ungdomsarbeidarar kvalifiserte til å utføre eller fylle, og kva er dei ikkje kvalifiserte til?

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs