Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Dagen min i SFOChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dagen min i SFO

Dette er eit døme på korleis ein kan organisere dagen i skulefritidsordninga. Lærlingen Wenche fortel om ein dag på SFO.

To jenter bruker kniv og spikker på en pinne. Foto.

Leik og fritid

For mange barn er SFO ein vesentleg del av kvardagen. SFO er ikkje skule, men fokuserer på leik og fritid for barna. SFO held til i skulebygningen, og det er kort avstand frå klasserommet til elevane til SFO-rommet.Når SFO startar, samlar vi elevane frå kvart klassetrinn på eigne rom, og vi har opprop og deretter måltid.

SFO

Mange av barna er i SFO i fleire timar etter skuleslutt, og det vil seie at dei bruker ein stor del av fritida si i SFO. Vi legg difor stor vekt på dei skal få leike og vere med og bestemme sjølve. Barna skal også ha mat, tid til lekser, oppfølging i ulike situasjonar. Det vil seie at vi som jobbar i SFO, må vere til stades for barna og vere gode vaksenpersonar, slik at vi byggjer opp eit godt forhold til dei. Vi bruker mykje tid i lag med barna, og vi er der for dei i ulike situasjonar.

Måltid og opprop i SFO

Etter skuleslutt har vi eitt måltid i SFO. Det består ofte av brødmat og variert pålegg, men éin gong i veka serverer vi cornflakes eller ris og mjølk. Vi har ofte varm mat éin gong i veka – anten når vi er på tur, eller inne på avdelinga. Barna et på kvar si avdeling, sorterte etter klasse. Det vil seie at førsteklassingane sit på eitt rom, andreklassingane på eit anna rom. På den skulefritidsordninga der eg arbeider, er det berre to elevar frå fjerdeklassen, så dei et saman med tredjeklassen.
Før måltidet har vi alltid opprop for å sjekke at alle er der. Samtidig er dette ein rutine og ein trygg situasjon for barna.

Trygge rutinar er viktige sidan barna som oftast ikkje følgjer klokka, men rutinane i kvardagen. Under opprop kan vi også prate med barna, gi dei fellesinformasjon og ta opp ulike tema dersom det trengst.

Leik og tilrettelagd aktivitet i SFO

Det blir lagt stor vekt på leik og fritid for barna i SFO, men det betyr ikkje at barna skal klare seg sjølve. Den vaksne er alltid til stades for barna, anten i leiken, som observatør eller like i nærleiken. Dersom barna ønskjer ein bestemt type aktivitet, vurderer vi raskt om ein vaksen bør vere med, eller om barna kan drive på med aktiviteten sjølve. Barna har også lært seg til at dei kan gjere mykje på eiga hand, og dei treng ikkje alltid klarere det med ein vaksen.

Døme

Barna ønskjer å spele fotball. Dei finn sjølve fram ein ball og går til kunstgrasbanen eller fotballbanen. Dersom dei derimot ønskjer å spele slåball, kjem dei alltid til ein vaksen for å spørje om lov. Dersom det er mogleg, blir ein vaksen sjølvsagt med. Slik legg vi til rette for at barna skal få vere med og bestemme kva dei skal leike.

Ein vaksen styrer som regel andre typar tilrettelagd leik, og då er det ulike mål for korleis leiken skal gjennomførast.

Fruktmåltid i SFO

Ca. klokka 15.00 serverer vi eit lite fruktmåltid. Det er som regel nok at barna får nokre bitar kvar. Nokre gonger får barna også ein kjeks eller noko anna godt i tillegg til frukta.

Foreldrekontakt i SFO

Folk kan nå oss på fleire telefonar. Vi bruker også ein mobiltelefon så vi kan ta imot SMS-meldingar. Mobiltelefonen bruker vi hovudsakleg til foreldrekontakt og meldingar som gjeld barna. Foreldra har ansvaret for å gi beskjed til SFO dersom barnet er sjukt eller skal sykle heim etter skulen osv.

Ved henting og bringing er det viktig at vi – både barne- og ungdomsarbeidarane og dei andre tilsette i SFO – alltid har ein hyggjeleg tone med foreldra og dei føresette. Kommunikasjon er viktig i alle situasjonar for å gi konkret og god informasjon og for å unngå misforståingar.

Utelister, kontroll i SFO

Vi fører alltid skjema over barna i SFO. Det er bortimot 40–50 barn her kvar dag, og det kan vere vanskeleg å hugse kven som er kvar dersom vi ikkje bruker skjema. Det skjemaet som vi bruker, kallar vi uteliste, og den kan vi bruke heile dagen. Her står namna på alle barna som går på SFO. Vi noterer hentetidene for barna kvar dag, kryssar av for kven som kjem om morgonen, stryk ut dei som har meldt om fråvær, og vi noterer ned eventuelle beskjedar.
Om ettermiddagen bruker vi listene under opprop, og vi kryssar ut når barnet blir henta eller forlét SFO.

Dei tilsette bruker dette skjemaet gjennom heile dagen for å ha god kontroll på alle barna. Vi skal vite kvar dei er, om dei er henta, om dei skal sykle heim, når dei har musikkøving og så vidare.

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs