Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Inspeksjon i skulegardenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Inspeksjon i skulegarden

Her fortel lærlingen i barne- og ungdomsarbeidarfaget korleis det er å ha inspeksjon i skulegarden.

Tre barn leker med en fotball. Foto.

På skulen min går to vaksenpersonar inspeksjon kvart friminutt. Då har vi på oss refleksvestar slik at elevane skal sjå oss godt. Når vi har inspeksjon, er rolla vår å vere til stades for barna. Vi grip inn dersom nokon gjer noko gale, eller dersom det er konfliktar mellom barna.

Vi skal også vere der for å prate med barna og vere tydelege vaksenpersonar i eit godt sosialt miljø. Vi observerer korleis elevane behandlar kvarandre, om nokon er stengd utanfor, kven som leikar godt saman, kva dei leikar med og liknande. Dette er viktige observasjonar som vi tek med oss når vi samtalar med dei andre i personalet.

Det er veldig viktig å kommunisere med dei andre tilsette på skulen. Dersom det går føre seg noko ute som kontaktlæraren bør få beskjed om, skal vi fortelje det vidare til han eller ho.

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs