Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Wenche sitt forhold til TerjeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Wenche sitt forhold til Terje

Her fortel barne- og ungdomsarbeidaren om sitt forhold til "Terje". Det kan være utfordrande å være profesjonell i jobben som BPA.

Ilustrasjon av misforstått kommunikasjon. Ilustrasjon.

Arbeid og fritid

Som BPA får eg eit nært forhold til Terje og lærer mykje om han. Eg får god kjennskap til kvardagen hans, kva han slit med og korleis vi skal arbeide for å gjere det lettare for han.

Eg og Terje er nesten like gamle, og Terje ser nok på meg som ein venn. Eg har stor respekt for Terje, men han er ikkje «vennen min». Eg er tilsett for å gjere ein jobb, og venner er ikkje betalte for å vere saman med nokon. Eg passar på å vere tydeleg på kva som er arbeidsoppgåvene mine, og å skilje mellom arbeid og fritid.

Terje sine mål

Eg passar på å bruke arbeidstida til å arbeide mot dei måla som er sette opp for Terje. Det er ønskjeleg at han sjølv skal kunne gå ut og skaffe seg eit eige sosialt nettverk, men før det kan bli ein realitet, er det mange andre mål vi må arbeide mot. Eg kan vere der og hjelpe han til å nå dei måla.

Andre mål Terje jobbar mot

  • Han skal ha god hygiene: blant anna å vaske og dusje seg, pusse tennene, ha reine klede, vaske hendene, vaske klede og liknande.
  • Han skal klare å gjere delar av husarbeidet sjølv: som for eksempel å vaske i bustaden, rydde, kjøpe inn mat og skifte lyspærer.
  • Han skal kunne lage seg middag sjølv, og kunne å berekne kor mykje mat som trengst til seg sjølv og eventuelt til folk på besøk. Han må øve på å lage ulike retter med ulik vanskegrad, ete riktige måltid med rett næringsinnhald (frukost, lunsj, middag og kveldsmat), og å vite kva som er sunn og usunn mat.
  • Han skal klare å kommunisere med andre. Han må lære korleis han kan ta kontakt med andre, kva for samtaleemne det er passande å ta opp, og ulike måtar å ha ein dialog på og så vidare.

Øve på å vere sosial

Vi øver ofte ved å spele rollespe. Eg speler ein person som besøkjer Terje, og han må føre ein dialog med «ein framand» i sin eigen heim. Vi kan også spele dette rollespelet på ein restaurant eller andre stader. Eg lèt som om eg er ein annan enn meg sjølv, og Terje får trene på ulike måtar å kommunisere med andre på utan at det verkar skremmande. Vi dreg også på besøk til venner av meg eller kjenningar av Terje for at han skal kunne trene i meir realistiske situasjonar.

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs