Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Om brukaren TerjeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Om brukaren Terje

Her forteller barne- og ungdomsarbeideren om brukeren hun er BPA for. "Terje" er fiktiv person for denne læringsressursen.

Gutt med solbriller. Foto.

Kven er "Terje"?

Eg arbeider som BPA for Terje, som er ein ung mann.
Terje har ein diagnose som gjer det vanskeleg for han å

  • vere i lag med andre menneske
  • kommunisere med andre menneske
  • vere fleksibel i tankar og åtferd

Terje er som regel ein blid og positiv gut med god sans for humor. Dei store interessene hans er wrestling, fotball og fotografering, men på grunn av funksjonsnedsettinga er det avgrensa kva han klarer å utføre av aktivitetar trass i at interessa er stor.

Terje har ein stor lidenskap for fotball, men det avgrensar seg ofte til å spele playstationspel som FIFA og å sjå fotballkampar på tv. Årsaka er at han har vanskar med å vere i lag med andre menneske. Han synest det er vanskeleg å spele på lag og å vere saman med andre i støyande og aktive situasjonar.

Terje har forsøkt seg i fleire jobbar, men har enno ikkje funne noko som passar for han. Dette er truleg fordi det er vanskeleg for han å kommunisere med andre, og fordi han ikkje synest det er lett å ha ein sjef – særleg ikkje dersom han opplever sjefen som bestemt.

Livsstil

Det hender at Terje snur døgnet og er oppe om natta og søv om dagen. Det kan vere ulike grunnar til at han snur døgnet. Terje kjedar seg om dagen sidan han ikkje har venner å vere i lag med. Då blir det lett å leggje seg til å sove.

Terje bur i ein bufellesskap der han har sine eigne rom. Bufellesskapen har ei fellesstove der alle brukarane kan vere i lag delar av dagen.

To gonger i veka er det felles frukost for alle som bur i bufellesskapen. Det er også felles middag ein gong i veka, men det er alltid opp til kvar enkelt om han eller ho ønskjer å delta i fellesmåltida. Bufellesskapen har også tilbod om aktivitetar som fotball, felles gåturar, grilling, bassengtrening og så vidare for å auke trivselen og byggje opp fellesskapskjensla i gruppa.

Terje ønskjer ikkje å delta på så mange av aktivitetane i fellesskapen. Som BPA for Terje prøver eg å motivere han til å delta i nokre av dei.

Terje har for augneblinken åtte forskjellige BPA-ar. Dei skal til saman gi han eit tilbod i 54 timar kvar veke.

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs