Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Wenche er med i kroppsøvingstimaneChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Wenche er med i kroppsøvingstimane

I kroppsøvingstimane er Wenche saman med Marianne, som har Aspergers syndrom. Ho treng ekstra hjelp i nokre timar, blant anna i kroppsøvingstimane.

Kroppsøvingstime med elever som gjør styrkeøvelser. Foto.

Ho deltek i dei same aktivitetane som dei andre elevane, men treng ofte hjelp. Eg viser henne korleis ho skal gjere dei ulike aktivitetane, og er med som støtte når ho gjer dei.

Det kan også oppstå andre situasjonar i desse timane som gjer at gymnastikklæraren ikkje åleine kan ha ansvaret for denne eleven i tillegg til resten av klassen.

Nokre gonger har også resten av klassen behov for hjelpa mi, og då er eg der også for dei så lenge dette ikkje går utover Marianne.

Det kan vere situasjonar som oppstår fordi menneske med Aspergers syndrom har mykje høgare stressnivå enn menneske utan Aspergers syndrom. Dette gjer at stressnivået ofte kjem over faregrensa og tolegrensa. Då kan Marianne få problem som gjer at ho ikkje taklar situasjonen, og ho treng tid til å gjere noko anna. Ho treng å slappe av og roe seg ned før ho kan ta til på nytt.

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs