Wenche er på på jobb med ei lita gruppe. Dette er ein kjøkkenleksjon med tre elevar. Det kan vere elevar som treng svært mykje hjelp.

Aktivitetar i dagleglivet
ADL står for "Activities of daily living", aktivitetar i dagleglivet.
Når eg er saman med ADL-gruppa, er det ein del av jobben å ha ein kjøkkenleksjon. Dei er tre elevar. Det kan vere elevar som treng svært mykje hjelp. Viktige tema i kjøkkenundervisninga er riktig påkledning, reinsemd, hygiene, sunt kosthald, ergonomi og enkel matlaging.
Eitt mål i matlagingstimen er å lære elevane å lage mat som sjølve skal kunne lage heime. Vi fokuserer på å lage enkel mat i tråd med retningslinjene for eit sunt kosthald.
Sjølvstendigheit og livsmeistring
Elevane lærer å vere sjølvstendige, og vi prøver å velje oppgåver som gjer at dei meistrar oppgåvene på kjøkkenet. Gode tilbakemeldingar er viktige i denne situasjonen. Vi bruker god tid i starten på å gå gjennom kjøkkenleksjonen. Då fordeler vi oppgåvene mellom elevane. Oppgåvene er laga med omsyn til ønska til elevane og ferdigheitene deira.
Eksempel på mat vi lagar
- grønsakspizza
- taco
- tomatsuppe
Oppskriftene er vanlegvis enkle. Ofte bruker vi ferdigmat som vi berre tilset vatn eller mjølk, rører ut og kokar
Under matlaginga skal elevane skal trene å ulike oppgåver. Det kan for eksempel vere å måle og vege, eller å dekkje bordet.
Eksempel på oppgåve
Eleven skal bruke 5 dl væske i ein matrett. Eleven har problem med å forstå kva 5 dl er.
Eg kan bruke ulike metodar for å lære eleven dette:
- Eg kan finne fram eit desilitermål som viser nøyaktig 1 dl, og eit litermål. Eg viser eleven kor mykje 5 dl er på litermålet. Eleven kan fylle 5 dl i litermålet og på den måten sjå samanhengen mellom desiliter og liter.
- Dei elevane som ikkje klarer å lære seg mål og vekt, kan få spesielle målebeger, til dømes eit raudt målebeger som tek 5 dl, og som passar til den oppskrifta.
Borddekking
Ved å rekne seg fram til kor mange vi er på gruppa, finn eleven ut kor mange han eller ho skal dekkje på til, og finn fram rett tal fat, glas, bestikk og kuvertasjettar. Eg dekkjer først på til éin person for å vise eleven korleis det skal gjerast. Deretter dekkjer eleven sjølv på til resten med rettleiing frå den vaksne som hjelper til.
Tips: Dersom du har elevar som ikkje klarer å lære seg å dekkje bord, kan du lage dekkjebrikker av voksduk. Klipp ut ei dekkjebrikke og teikn på tallerken, glas, kniv, skei og gaffel. Eleven kan bruke dekkjebrikka til han eller ho har lært kva som skal på bordet. Klarer ikkje eleven å lære dette, kan han eller ho fortsetje å bruke brikka. Du kan også bruke ein plakat.
Vi lagar ferdig maten, dekkjer bordet og et måltidet saman. Det viktige er trivsel, bordskikk og gode matvanar. Måltidet er ein god arena for samtale og rettleiing.
Læringsressursar
Fagarbeidar og arbeidstakar
Læringssti
Wenche på jobb i barnehagen
KjernestoffLærling Wenche sin dag på vidaregåande
KjernestoffLærlingen sin dag i skolen
KjernestoffLærling Wenche som BPA
Kjernestoff
Fagstoff
Hyllest til barne- og ungdomsarbeidarar
KjernestoffBarne- og ungdomsarbeider barnehagen
KjernestoffBarnehagen som arbeidsplass
KjernestoffSkulen i Noreg
KjernestoffSkulefritidsordninga – SFO
KjernestoffBarne- og ungdomsarbeidar på ein skule
KjernestoffJobb i ein ungdomsklubb
KjernestoffPlikter og reglar som ansatt
KjernestoffMarco Elsafadi om profesjonalitet
KjernestoffBarne- og ungdomsarbeider i barnehage
KjernestoffRollemodellar
KjernestoffTenesteveg - kva gjer du?
KjernestoffDei ulike vaktene i barnehagen
KjernestoffMåltida i barnehagen
KjernestoffSamlingsstund i barnehagen
KjernestoffDet er tid for å hvile litt
KjernestoffUteleik i barnehagen
KjernestoffAktuelle aktivitetar i barnehagen
KjernestoffBarnehagedagen blir avslutta
KjernestoffInformasjonsflyt i barnehagen
KjernestoffWenche sin tidsplan ei veke på jobb
KjernestoffWenche er med i kroppsøvingstimane
KjernestoffWenche sin dag med elever på RM-fag
KjernestoffWenche bidreg på leksehjelpa
Kjernestoff- Kjernestoff
Wenche på kjøkkenet med ADL-gruppaDu er her
Wenche bidrar med språktrening
KjernestoffInspeksjon i skulegarden
KjernestoffEin skuletime på småtrinnet
KjernestoffDagen min i SFO
KjernestoffArbeid som BPA
KjernestoffOm brukaren Terje
KjernestoffArbeidstida som BPA
KjernestoffPlanar og aktivitetar hos brukar
KjernestoffWenche sitt forhold til Terje
KjernestoffBrukermedvirkning og verdighet
KjernestoffBrukerstyrt personlig assistanse
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Arbeid i vidaregåande skule
KjernestoffIntervju ein barne- og ungdomsarbeidar
KjernestoffBarne- og ungdomsarbeidar i SFO
KjernestoffFagarbeidar i friminutt og leik
KjernestoffNora er brukarstyrt personleg assistent
KjernestoffIntervju om haldningar
KjernestoffIntervju om profesjonalitet
KjernestoffIntervju om sosial kompetanse
KjernestoffIntervju om tryggleik og tillit
Kjernestoff