Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Wenche sin dag med elever på RM-fagChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Wenche sin dag med elever på RM-fag

I desse timane er eg saman med elevar frå restaurant- og matfag. Vi fokuserer mykje på sunt kosthald, kjøkkenhygiene og variert matlaging med ulik vanskegrad i kvardagen.

To kokker tilbereder mat ved en benk på et kjøkken. Foto.

Oppgåva mi som barne- og ungdomsarbeidar er å hjelpe og rettleie elevane i matlaging, dagleg hygiene og bruk av kjøkkenreiskapar. Eg skal også arbeide i tråd med læreplanen for elevane, rettleie dei i læreplanmål og utvikle interessene deira for faget.

Elevane som eg har eit spesielt ansvar for, får sine eigne oppgåver. Dei arbeider sjølvstendig, men med rettleiing av meg.

Når maten er ferdig laga, dekkjer elevane bordet, og vi et måltidet saman. Dette er eit lunsjmåltid, og måltidet består då ofte av varm eller kald lunsjmat. Å ete saman med dei er ein viktig del av jobben min. Måltidet er viktig for læring og sosialisering.

Det er viktig at vi ryddar opp etter oss på kjøkkenet. Det skal sjå like bra ut når vi går, som då vi kom dit.

Nokre av elevane i denne gruppa er usikre på seg sjølv og kompetansen sin. Det er då viktig å vere til stades for elevane og gjere dei tryggare på seg sjølve. Utfordringa mi i desse timane er å motivere elevane til læring, hjelpe dei til å meistre ulike arbeidsoppgåver og gi dei tru på seg sjølve.

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs