Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Informasjonsflyt i barnehagenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Informasjonsflyt i barnehagen

Wenche fortel om dokumentasjon og foreldrekontakt i den barnehagen ho var lærling i.

Samtale kollasje. Illustrasjon.

Dokumentasjon

I barnehagen dokumenterer vi kvar dag. Det gjer vi på mange ulike måtar, for eksempel som bilete, plansjar, loggbok, oppmøtelister, barna sine eigne permar og så vidare.

Dokumentasjon er viktig både for den daglege rutinen og for at vi skal hugse kva som har skjedd, korleis dei forskjellige gjeremåla skal utførast, og for betre å kunne formidle bodskapen til foreldra. Vi bruker ofte digitale verktøy når vi dokumenterer.

Forelderkontakt

Når eg jobbar med barna i barnehagen, er det naturleg at eg har daglege samtalar med foreldra til barna. God foreldrekontakt er viktig for alle partar i barnehagen. Det er viktig for at eg som barne- og ungdomsarbeidar skal få opplysningar om barnet som kan ha innverknad på kvardagen til barnet. Det kan vere informasjon om at foreldra har flytta frå kvarandre, om at barnet ventar småsøsken, om at barnet treng medisinar, om det er noko barnet gleder eller gruer seg veldig til og så vidare.

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs