Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Aktuelle aktivitetar i barnehagenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Aktuelle aktivitetar i barnehagen

Wenche fortel om aktivitetar som er vanlege i barnehagen der ho var lærling. Gjennom ei veke, ein månad eller eit år, driv vi med mange ulike aktivitetar i barnehagen.

Barnehage med lek i badebasseng. Foto.

Eksempel

Språkgruppe

Ei samla gruppe av barn i lik alder med tilrettelagde oppgåver der fokuset er å betre og leggje til rette for gode språkkunnskapar hos enkeltbarnet.

Bordaktivitetar

Aktivitetar som fremmar kreativitet hos barnet. Her kan dei lage gåver, pynt og liknande som kan brukast på avdelinga eller takast med heim.

Tilrettelagt aktivitet

Aktivitetar som er tilrettelagde for enkel læring hos barnet. Eksempel: lese bok, utkledning, baking, bordaktivitetar osv.

Leik

Barna leiker fritt.

Samlingsstund

Barn og vaksne samlar seg for song og læring saman. Mål: auke trivsel i gruppa, meistring, læring, sosial kompetanse – språk, form, fargar og liknande.

Lese/lytte

Lese eller lytte til bøker og song. Det aukar glede og interesse for litteratur og gir språkkunnskapar.

MILL

Mange intelligensar, læringsstilar, læringsstrategiar. Blir ofte brukte i grupper med ulike tema, som for eksempel: naturflink, musikkflink, menneskeflink, sjølvflink osv.

Matematikk

Form, farge, tal og teikn. Barna har tilgang til eit mattesenter, og det blir sett stort fokus på denne typen læring – spesielt for dei eldste barna i barnehagen.

Rørsleaktivitetar

Balanse, auge- handkoordinasjon, motorikk og liknande. Det fremmer god kroppsmeistring og auker motivasjonen for anna læring.

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs