Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Samlingsstund i barnehagen ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Samlingsstund i barnehagen

Wenche fortel om samlingsstunda i den barnehagen ho arbeider i.

Barnehage står ute og i ring. Foto.

Eg har planlagt samlinga tidlegare. Vi syng ”Bæ bæ lille lam” som åpningssong sidan dei aller fleste barna er trygge på den songen, og vi ønskjer at alle barna skal kjenne att aktiviteten og kjenne meistring.

Vi syng ein velkomstsong med namnet til alle barna slik at dei kjenner seg velkomne og trygg i gruppa før vi går over til å lese ei kort historie om ”Bukkane Bruse”. Så syng vi songen med same namn. Historia er veldig forenkla då desse barna er 0 - 3 år gamle. Dei fleste barna liker veldig godt samlingsstund, og kosar seg veldig i desse 10-15 minutta.

Dersom nokre av barna er veldig urolege under samlinga eller forstyrrar for dei andre blir ein vaksen med dei til eit anna rom.

Dersom nkre av barna er meir opptekne av andre ting, kan vi skilje dei. Eitt av barna vil kanskje måtte sitje i fanget til ein vaksen for å lettare kunne roe seg ned.

Når vi har sunge avslutningssongen blir det mat, og alle barna må vaske hendene før dei set seg.

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs