Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Måltida i barnehagenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Måltida i barnehagen

Her kan du lese om dei ulike måltida slik dei blir organiserte i den barnehagen Wenche arbeider i. Du kan også finne lenkjer til fagstoff og oppgåver som handlar om måltidet i barnehagen.

Spekematsmørbrød med soltørket tomat og oliven. Foto.

Det er viktig å ete saman med barna Eg smør meg ei brødskive og set meg ned saman med dei. Vi tilsette betaler for maten vi et på jobb. Foreldra betaler også for at barna skal få mat i barnehagen. I barnehagen min får dei lunsj og fruktmåltid, ikkje frukost.

Drikke

Barna har alltid tilbod om vatn som tørstedrikk, men det er som regel mjølk som er hovuddrikk ved måltida.

Frukost

På denne vakta skal eg ta over ansvaret ved frukostbordet når eg kjem. Då sit eg saman med barna og hjelper dei slik at dei får ete maten sin.

Etter kvart som det kjem nye barn oppfordrar vi dei til å setje seg ned og ete frukost saman med oss. Barna får servert mjølk, vatn eller har med seg eige drikke.

Nokre av barna har ete mat før dei kjem til barnehagen, då kan det vere at dei ønskjer å gjere noko anna, eller dei kan ha med seg ein yoghurt eller nokre kjeks til å ete saman med dei andre.

Frukosten er eit godt høve til å sitje ned og prate med barna. Vi kan prate om kva dei gjorde i går, kva dei har i matboksen eller det barna måtte vere interesserte i.

Lunsj

I barnehagen min et vi formiddagsmat om lag klokka 10.30. I dag er det brødskiver med forskjellig pålegg, men ofte er det anna mat på menyen. Onsdagar er det varm mat, ofte fisk, og mandagar blir det servert havregrynsgraut med sukker og kanel. Ved andre høve kan det serverast anna mat.

Ved brødmåltidet har vi har prim som er litt søtt, elles går det mykje på leverpostei og ost. Sunn mat er i fokus, og grovt brød er viktig. Mat med mykje fiber, lite sukkerinnhald, mange vitamin, antioksidantar, jern og andre næringsstoff er viktig både for barn og vaksne.

Enkelte barn er allergiske og som barne- og ungdomsarbeidar må du kunne ta omsyn til barn med forskjellige allergiar. Du må setje deg godt inn i kva matvarer barnet ikkje toler. Ein vanleg allergi er laktoseintoleranse. Då toler ikkje barnet mjølk, og ofte heller ikkje andre mjølkeprodukt. Då må du som barne- og ungdomsarbeidar kunne leggje til rette for å lage mat og drikke som alle barna toler.

Under måltidet skal barna lære god bordskikk. Å syngje før måltidet er veldig vanleg, og det skapar ein viss tryggleik hos barna som sit rundt bordet. Turtaking er ein stor del av læreprossessane rundt måltidet, og i tillegg lærer barna språk, hygiene og sosial kompetanse.

Fruktmåltid

Klokka 14.00 har vi fruktstund, der det for eksempel kan vere eple og bananar på menyen. Nokre gonger kan vi steike vaflar eller bake bollar som vi et til dette måltidet.

Dersom nokon har bursdag kan vi også bruke dette måltidet til å feire barnet. I slike tilfelle får barnet ei eiga krone som han/ho har laga sjølv i samarbeid med ein vaksen.

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs