Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
  4. Intervju om haldningarChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Intervju om haldningar

Oppgåver til filmen «Barneombudet – om holdninger»

  1. Korleis forklarer barneombodet kva haldningar er?
  2. Kva er meint med at du skal representere haldningar?
  3. Finn ut mest mogleg om menneskerettane.
  4. Kva er meint med «grunnleggjande forståing for menneskerettar»?
  5. Forklar kva som er meint med at barna er den «viktigaste kapitalen» i samfunnet vårt.
  6. Korleis kan du påverke slik at det blir godt for barn og unge å vekse opp i samfunnet vårt?
  7. Korleis kan du bruke kontoret til barneombodet?

Oppgåver til filmen «Førskolelæreren – om holdninger»

  1. Kva er meint med å ha tankar om eigne haldningar?
  2. Korleis er du med på å utvikle haldningane til barna?
  3. Korleis bruker denne barnehagen rollespel?
  4. Korleis kan dei empatiske evnene til barna utviklast?
  5. Kva er meint med at du må vere medviten om kva du seier? Gi eksempel på ting ein ikkje bør seie til barn.
  6. Kva bør du gjere dersom barna slit i forholdet til andre barn, eller har ei åtferd vi ikkje ønskjer?
  7. Kva er gode haldningar når du jobbar i barnehagen?
  8. Korleis merkar du at vaksne er oppriktig interesserte i å vere saman med barn?

Oppgåver til filmen «Læreren – om holdninger»

  1. Kva for oppdrag har læraren når det gjeld haldningar?
  2. Kva er grunnverdiar?
  3. Korleis er læraren ein rollemodell?
  4. Han seier at han må vere nøytral på ein del område. Kvifor er det slik? Diskuter dette. Finst det tema der han ikkje bør vere nøytral?
  5. Kvifor er det viktig å diskutere ein del tema som barn og unge har ulike tankar om og haldningar til?
  6. Kva krevst for å jobbe som barne- og ungdomsarbeidar?

Oppgåver om holdninger

  1. Kva er gode haldningar for ein barne- og ungdomsarbeidar?
  2. Korleis kan vi skape gode haldningar hos barn og unge?
  3. Korleis kan vi skape ei felles forståing for haldningar på ein arbeidsplass?
  4. Kven har ansvaret for å gripe inn dersom ein arbeidstakar har haldningar som ikkje er i samsvar med det å arbeide med barn og unge?
  5. Gjer deg kjend med relasjonane på sida.
  6. Sjå over fagstoffet om haldningar frå Vg1 om haldningar. Du finn ei lenkje til haldningar under relasjonar. På Vg1-sida finn du ei rekkje ulike yrkessituasjonar. Fleire av desse kan vere aktuelle for deg også i år.

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs