Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Fagarbeidar og arbeidstakarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rollemodellar

Barne- og ungdomsarbeidarar er uhyre viktige rollemodellar for barn i utvikling. Bortsett frå foreldra er vi nokre av dei vaksne personane som barn knyter seg sterkast til i dei første åra av oppveksten. Ikkje sjeldan er barn saman med barne- og ungdomsarbeidarar i meir av tida dei er vakne, enn dei er saman med far og mor.

Gutt og mann i båt. Foto.

Personalet

Det hjelper lite at tryggleiken til barn og unge blir sikra av lover, forskrifter og retningslinjer om ikkje fagpersonalet er kompetent eller motivert til å følgje opp desse reglane.

  • Det er avgjerande at barne- og ungdomsarbeidaren har vilje og evne til å gi omsorg og til å leie læringsprosessar for barn og unge i samsvar med måla og retningslinjene for barnehagen, skulen eller skulefritidsordninga.
  • Han eller ho må ha evne til å ha oversikt over det som går føre seg i ei barnegruppe eller i ein skuleklasse.
  • Han eller ho må kunne dei sikringsinstruksane som gjeld, og ha evna til å «lese» farar i ulike situasjonar.
  • Han eller ho må kunne førstehjelp som er lagd til rette spesielt for tilsette i barnehagar.
  • Han eller ho må kunne ta ansvar som rollemodell for barn og unge.

Rollemodellar

Alle som har vore ein del saman med barn, veit at persepsjonsevna deira – evna til å oppfatte inntrykk og tileigne seg kunnskap – er fantastisk. Små gryter har også øyre, heiter det.

Vi vaksne er førebilete i kraft av at vi er vaksne. Barn ser instinktivt opp til vaksne og lærer av alt vi gjer. For sjølv om det ikkje verkar slik, syg barn til seg inntrykk heile tida.

Barn gir mange signal om at dei set pris på at vaksne er saman med dei i leiken. Det gir tryggleik, samhøyr og motivasjon. Det er viktig at vi vaksne går fram som gode døme når det gjeld tryggleik. Det kan vi gjere ved

  • å bruke refleks eller refleksvestar i trafikken
  • å bruke redningsvestar ved eller på vatnet
  • å bruke sykkelhjelm når vi syklar
  • å følgje trafikkreglane
  • å blåse ut levande lys før vi går ut av rommet
  • å la vere å ta sjansar

Lista kan forlengjast så langt fantasien rekk. Hugs at du er med på å forme korleis barna forstår verda rundt seg!

Utfordringar til deg

  1. Diskuter kva det vil seie å vere ein god rollemodell for barn og unge når det gjeld tryggleik.
  2. Diskuter kva de vil gjere når de møter barn, unge og vaksne som ikkje bruker tryggingsutstyr, som til dømes sykkelhjelm.

Læringsressursar

Fagarbeidar og arbeidstakar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs