Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Oppvekstmiljø i Norge i dagChevronRight
  5. FamilienChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Familien

Familien utgjer den viktigaste ramma rundt oppveksten til barna. Truleg er det ikkje familietypen, men menneska som er rundt barnet, som avgjer korleis barnet har det. At foreldra har eit godt sosialt nettverk og et godt forhold seg imellom, er viktig for trivselen og tryggleiken til barna.

Familie på fem personer. Foto.

Forutsigbarheit viktig

Ofte vurderer vi familieformer ut frå det som er kjent for oss. Det vi sjølve kjenner som trygt, meiner vi ofte er det beste for barn å vekse opp i. Å ha familie, slekt og venner i nærleiken som ein kan snakke med, og som stiller opp ved sjukdom og kriser, er uvurderleg.

Samlivsbrot

Forsking har vist at barn taklar slike brot godt viss foreldra samarbeider og legg til rette for at barna skal ha det bra etter at foreldra har flytta frå kvarandre. Men særleg yngre barn er sårbare i ein slik situasjon. Dersom samlivsbrotet er dramatisk og fører til uvennskap mellom foreldra, kan det føre til varige og skadelege sår hos barna.

Barne- og ungdomsarbeidaren

Som barne- og ungdomsarbeidar er familien ein viktig samarbeidspartnar for deg. Du må framstå på ein måte som gjer at føresette får tillit til deg. Du må ha tillit til at det kan vere rett for andre å velje familieformer som du sjølv ikkje ville ha valt, og at barn kan ha det godt i desse familiane.

Barn kan mellom anna vekse opp

  • med foreldre frå ulike kulturar
  • med foreldre som ikkje er gifte
  • med foreldre som er gifte, eller som er registrerte partnarar
  • med den eine av foreldra
  • med den eine av foreldra og stefar eller stemor
  • med foreldre og adopterte sysken
  • med den eine av foreldra og den nye partnaren hans eller hennar med barn frå tidlegare forhold
  • i kollektiv med fleire vaksenpersonar og barn ein ikkje er i slekt med
  • hos fosterforeldre, adoptivforeldre, i barnevernsinstitusjonar eller hos slekningar

Utfordringar til deg

Gruppeoppgåve: Familie og samliv

Læringsressursar

Oppvekstmiljø i Norge i dag