Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Oppvekstmiljø i Norge i dagChevronRight
  5. Fysisk miljøChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Fysisk miljø

Med fysisk miljø meiner vi korleis omgivnadene artar seg på staden der vi bur, arbeider og ferdast. Her finn du ei oversikt over nokre faktorar som verkar inn på det fysiske miljøet. Du kan sikkert finne endå fleire.

Barn i huske. foto.

Dømer på faktorar

  • bustad og buforhold
  • inneklima
  • forureining og støy
  • trafikkforhold
  • sikkerheitstiltak
  • universell utforming
  • topografi og nærleik til naturen
  • estetikk

Samfunnsplanleggjarane skal ta omsyn til behov i alle gruppene i samfunnet, også barna sine. Somme gonger kan barna sine behov komme i konflikt med interessene til dei vaksne i samfunnet – og tape. Leikeplassar blir gjorde om til parkeringsplassar, og «verdilaus» brakkmark blir forvandla til bustadareal.Ofte skjer dette fordi samfunnet har økonomisk nytte av å utnytte uteareal maksimalt til bustader, industri eller forretningsverksemd.

Løkker, krattskog og opne plassar i nærmiljøet blir av og til fjerna. Somme gonger blir det laga leikeområde som ei erstatning for dei naturlege boltreplassane, men det kan vere ei utfordring å gjere desse mangfaldige og spennande nok.

Barn og unge med nedsett funksjonsevne har behov for at det fysiske miljøet er lagt til rette – universelt utforma. Dette kan du lese om i lenkjesamlinga.

Utfordringar til deg

  1. Beskriv det fysiske miljøet der du bur.
  2. Beskriv korleis du meiner det fysiske miljøet bør vere der barn og unge veks opp.
  3. Sjå på døma i fagstoffet. Kom gjerne med fleire døme til kvart punkt. Kan du gi døme på korleis dei ulike punkta kan påverke det fysiske miljøet?
  4. Korleis kan vi leggje til rette for eit godt oppvekstmiljø for alle i ein kommune eller bydel?

Læringsressursar

Oppvekstmiljø i Norge i dag