Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Oppvekstmiljø i Norge i dagChevronRight
  5. Barndom før og nåChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Barndom før og nå

Barndom er eit relativt nytt omgrep. Før industrialiseringa på slutten av 1700-talet fanst det ikkje nokon barndom slik vi kjenner han i dag.

Barn i 1920 som leikar i ein vaskebalje. Foto.

1700-talet

Levealderen var låg – folk blei ikkje eldre enn 30–40 år på grunn av sjukdommar, feilernæring, dårlege sanitærforhold og mykje fysisk hardt arbeid. Samtidig var barnedødelegheita høg. I 1750 døydde heile 75 prosent av alle under 15 år.

Kvar familie hadde mange barn. Det var nødvendig for å sikre at flest mogleg voks opp og skaffa inntekter til familien. Når barna blei sju år gamle, blei dei rekna som vaksne og måtte begynne å arbeide. Seinare skulle dei forsørgje foreldra sine når dei blei gamle.

Det fanst ikkje noko klart skilje mellom det å vere barn og det å vere vaksen. Små og store var saman heile tida, og dei delte både seng og arbeidsplass. Barna likna små utgåver av vaksne, både i klesvegen og måten dei oppførte seg på.

1800-talet

På 1800-talet blei det meir lønnsamt for arbeidsgivarar å bruke nye maskinar til det arbeidet som barna til då hadde gjort. Likevel var det framleis vanleg at norske barn frå arbeidarklassen tok til å arbeide frå dei var ni–ti år gamle for hundre år sidan.

I Wikipedia-artikkelen "Utenomekteskapelige barn", kan vi lesa at barn som blei fødde utanfor ekteskap også blei kalla uekte barn. Det har vore vanleg at uekte barn fekk slektsnamnet etter mora, og uekte barn fekk ikkje arve far sin fram til «de Castbergske barnelover» ble vedtekne i Noreg i 1915.

1900-talet

Først i 1920-åra begynte norske barn for alvor å få fritid. Då fekk dei lov til å vere barn, dei kunne leike og gå fleire dagar på skulen. Barndommen blei endeleg «oppdaga».

Etter andre verdskrigen blei det eit større behov for meir utdanna arbeidskraft i samfunnet. Fleire unge tok vidare utdanning etter folkeskulen, og vi fekk ein periode i livet då ein verken var barn eller vaksen. Ei ny sosial gruppe såg dagens lys: ungdommen.

Læringsressursar

Oppvekstmiljø i Norge i dag

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter