Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Oppvekstmiljø i Norge i dagChevronRight
  5. Velferds- og kunnskapssamfunnetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Velferds- og kunnskapssamfunnet

Kva for utviklingsmoglegheiter barn har i oppveksten, kjem mellom anna an på kulturen og miljøet barnet blir fødd inn i. Barn som veks opp i Kongo, India eller England, har ganske andre moglegheiter og avgrensingar enn barn som bur i Noreg.

Folkemengde. Foto.

Også innanfor det same landet, eller den same byen, vil ulike barn ha svært ulikt oppvekstmiljø.

Eit moderne velferds- og kunnskapssamfunn ser gjerne på barn som ein viktig ressurs for landet. Det er ei allmenn oppfatning i Noreg at ein god barndom er med på å danne grunnlaget for det mennesket vi skal bli seinare i livet. Derfor prøver samfunnet å leggje til rette for at barn og unge skal få ein variert og god oppvekst.

Vi har både private og kommunale ordningar som barn og unge stiftar kjennskap med i kvardagen. Til dømes skular, barnehagar, skulefritidsordningar, kulturskular, idrettshallar, symjehallar, lysløyper, idrettslag, musikkorps, bibliotek, kulturhus, kino, kommunehelsetenesta, helsestasjonar, barnevernet og så vidare. I tillegg finst det ei rekkje lag og foreiningar, interesseorganisasjonar, frivillige organisasjonar, trussamfunn og anna som barn og unge kan utvikle seg gjennom.

I dette biletet speler fagpersonar ei avgjerande rolle – både lærarar, førskulelærarar, helsepersonell, barne- og ungdomsarbeidarar og andre. Ein god oppvekst for alle barn og unge må vere ei målsetjing for alle som jobbar i oppvekstsektoren.

Utfordringar til deg

  1. Forklar denne utsegna: «Barn som veks opp i Kongo, India eller England, har ganske andre moglegheiter og avgrensingar enn barn som bur i Noreg.»
  2. Forklar denne utsegna: «Også innanfor det same landet, eller den same byen, vil ulike barn ha svært ulikt oppvekstmiljø.»
  3. Kva ordningar for og tilbod til barn finst i din kommune eller bydel?
  4. Sjå på ordtaket, og set inn barne- og ungdomsarbeidar i staden for foreldre. Diskuter kva det nye sitatet seier. Kva skil dei to sitata, og kva er likt?

Læringsressursar

Oppvekstmiljø i Norge i dag

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter