Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Universell utformingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er universell utforming?

Universell utforming dreiar seg om å utforme produkt og omgjevnader på ein slik måte at dei blir tilgjengelege for så mange menneske som mogeg.

Voksen og barn står ved datamaskin. Foto.

Universell utforming er eit omgrep som du må kjenne til når du skal arbeide som barne- og ungdomsarbeidar. Når nye barnehagar, skolar og fritidsklubbar skal teiknast, er det viktig at ein tenkjer universell utfoming frå første strek.

Definisjonen av UU i Noreg

"Universell utforming er forming av produkt, bygg, transportmiddel og omgjevnader på ein slik måte at dei kan brukast av alle menneske i så stor grad som mogleg, utan tilpassing eller spesiell utforming.

Innanfor bustadsektoren inneber dette at ein ved nybygging, rehabilitering og ombygging skal vektlegge at både bueiningar, fellesområde og uteareal skal vere brukbare for eit vidt spekter av menneske: barn, eldre, synshemma og funksjonshemma, i tillegg til spreke tjueåringar. Småbarnsforeldre skal kunne ta med seg barn i barnevogn, og ukjende på besøk skal kunne finne fram. Dette skaper bustadområde som er brukbare for fleire og enklare for mange, ved hjelp av tiltak som er nødvendige for nokre."

Universell utforming - husbanken

Skal auka sjølvstende

Når du skal ta barn og unge med deg ut av barnehagen eller skolen, må du ha kunnskapar om kva for område som er tilrettelagde for alle.

Når menneske har nedsett funksjonsnivå eller helseproblem, kan dei møte hindringar i kvardagen som gjer livet vanskelegare. Eit grunnprinsipp for universell utforming er at omgjevnader og produkt har ei utforming som gjer dei tilgjengelege for flest mogleg. Målet er å forenkle livet og auke livskvaliteten for alle. Universell utforming er eit middel til auka sjølvstende for barn og unge med nedsett funksjonsevne.

Utfordringar til deg

  1. Kva er universell utforming?
  2. Kvifor er universell utforming viktig?
  3. Kven har nytte av at samfunnet legg til rette for universell utforming?
  4. Finn ut korleis det står til med universell utforming i kommunen eller bydelen din. Dette kan gjerast på ei rekkje ulike måtar:
    • Prøv dykk som blinde eller funksjonshemma i kommunen.
    • Intervju politikarar, lærarar, førskolelærarar eller andre.
    • Ta bilete og samanlikn med bileta under «Relasjonar».

Læringsressursar

Universell utforming

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Handikapforbundet om universell utforming

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff