Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Førebygging av rasisme og fordommarChevronRight
  5. Kva gjer du dersom du oppdagar rasisme?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva gjer du dersom du oppdagar rasisme?

Dessverre kan det hende at du oppdagar rasisme i barne- og ungdomsgruppa der du jobbar. Då er det viktig at du veit kva du skal gjere!

Grønne og rosa puslespillbrikker. Foto.

Fagarbeideren si rolle

Dersom eit barn fortel deg om rasistiske hendingar eller handlingar, eller du oppdagar det sjølv, er du som vaksen forplikta til å gripe inn. Som profesjonell yrkesutøvar kan du ikkje la vere å gjere noko dersom du veit at eit barn har det vondt. Dersom du tenkjer gjennom moglege situasjonar og de diskuterer det i personalgruppa, er det lettare for deg å vite kva du skal gjere om ein slik situasjon oppstår.

Når du oppdagar rasisme, må du straks gripe inn og stoppe det som skjer. I barnehagen og skulen er det naturleg at du tek det opp med dei du jobbar saman med, slik at de i fellesskap kan komme fram til kva de skal gjere med saka. Jobbar du i ungdomsklubb, kan det hende at du sjølv må ta eit meir direkte ansvar for det som skal skje vidare.

  • Ta deg av barnet som har blitt utsett for rasisme. Sjå råda frå FUG.
  • Snakk med den eller dei som utøver rasisme. Prøv å skape forståing for at handlinga er uakseptabel, og hjelp barnet til å endre åtferd.
  • Dersom det er grupper med barn som er rasistiske, kan det lønne seg å snakke med dei enkeltvis først, og deretter å snakke med dei som gruppe.
  • Orienter dei du jobbar saman med, slik at de saman kan finne gode løysingar og vere ekstra merksame på problemet.
  • Kontakt foreldra til den som blei utsett for rasisme, og foreldra til dei som stod bak dei rasistiske handlingane.
  • Ta kontakt med hjelpeapparat dersom det er nødvendig.
  • Vis at rasisme alltid blir teke på alvor.

Nokre gode råd

  • Lytt. Høyr tolmodig på barnet og ikkje trekk forhasta konklusjonar.
  • Undersøk. Gransk saka oppmerksamt og tolmodig.
  • Støtt. Sjå problemet frå barnet si side.

Ro ned barnet og aksepter problemet

  • Det er viktig å la barnet få vite kor glad du er for at du fekk informasjon om det som skjedde, og at du trur på barnet. Du må gi uttrykk for at det ikkje er barnet si skyld, og at du er lei deg for at dette har skjedd. Det er ikkje barnet som er problemet!
  • Forviss deg om at barnet ikkje trur på det plagaren seier.
  • Ro ned barnet og sei at det ikkje er åleine om å bli utsett for mobbing eller rasisme.
  • La barnet føreslå korleis de kan løyse problemet.
  • Dersom det er fare for sikkerheita til barnet, må du gripe inn.
  • Dersom barnet er i ekstrem krise, må du søkje profesjonell hjelp.

Kjelde: Foreldreutvalet for grunnopplæringa, FUG

Utfordringar til deg

  1. Ta kontakt med barnehagar, skular, fritidsklubbar og liknande og finn ut kva for rutinar dei har for situasjonar der nokon blir utsett for rasisme.
  2. Drøft korleis de ville ha jobba dersom de hadde oppdaga rasisme.
  3. Kvifor er det så viktig å varsle resten av personalet om rasisme?
  4. Kven tek kontakt med foreldra i slike tilfelle?
  5. Diskuter råda frå FUG.
    Sjå spesielt på rådet «Ro ned barnet og sei at det ikkje er åleine om å bli utsett for mobbing eller rasisme».
  6. Fordjuping: Les handlingsplan mot rasisme og diskriminering.

Læringsressursar

Førebygging av rasisme og fordommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter