Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Førebygging av rasisme og fordommarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Korleis førebyggje rasisme?

Det er viktig å jobbe for at barn og unge ikkje skal oppleve rasisme. Saman med foresatte har dei som jobbar i barnehage og skule, ein mulighet til å gje barn og unge haldningar og eit menneskesyn som gjer at dei tek avstand frå rasisme.

Barnehageansatt prater med to barn. Foto.

Haldningar

Å skape haldningar og eit menneskesyn som fører til at barn og unge ikkje ønskjer å påføre andre barn og unge smerte, er viktig i det førebyggjande arbeidet. Som vaksne er vi rollemodellar for barna, og vi må derfor vere bevisste på korleis vi pratar om og til barn frå andre kulturar.

Nokre barn opplever rasisme nesten dagleg, medan andre aldri opplever det. Denne ulikskapen kan det vere mange årsaker til – akkurat på same måten som vi ser at nokre barn blir mobba, medan andre ikkje blir det. For deg som barne- og ungdomsarbeidar er det viktig å vite at du skal gjere alt du kan for å førebyggje rasisme, og gripe inn når det skjer.

Aktuelle tiltak i det førebyggjande arbeidet

God kontakt mellom barnehagen/skulen og heimen

Det er vanskeleg å skape gode haldningar dersom foreldra og barnehagen/skulen ikkje jobbar i same retning. Rasisme bør vere eit tema på foreldremøte.

Gjer barnet kjent med dei andre kulturane

Er det barn med ulik kulturbakgrunn i barnehagen/skulen, kan dette vere eit fint utgangspunkt for at barna kan bli kjende med ulike kulturar. Ver oppmerksam på at barn og ungdom har forskjellige kulturband. Nokre innvandrarar føler seg raskt som norske og vil ha lite snakk om den opphavlege kulturbakgrunnen sin, medan andre har sterke band til den andre kulturen sjølv om dei er fødde og oppvaksne i Noreg. Som barne- og ungdomsarbeidar må du akseptere desse ulikskapane og prate med barnet eller foreldra for å finne ut meir om dei kulturbanda barnet har. Sjå på det som er positivt i dei ulike kulturane, og du kan til dømes lære dei andre barna nokre ord og litt om tradisjonane i kulturen.

Planlegging av barnehageåret/skuleåret

I planlegginga av barnehageåret/skuleåret må de som arbeider i barnehagen/skulen, bli einige om kva for merkedagar som skal feirast, og korleis dei skal feirast. Det finst kalendrar som viser kva merkedagar ulike kulturar og religionar feirar.

Nye barn i barnegruppa

Dersom det kjem nye barn inn i barnegruppa, er det fornuftig å førebu dei andre barna på kva dei kan gjere for å ta godt imot dei nye barna.

Bli kjend med andre kulturar

Ved å leike leikar, smake matretter og syngje songar frå andre land kan det gi dei andre barna ei større forståing for andre kulturar. SOS-barnebyer har sider med idear til bruk i skule og barnehage som kan vere til hjelp i dette arbeidet.

Internasjonalisering

Barnehagar feirar den internasjonale barnedagen den 6. oktober. Skular har prosjektveker, internasjonal veke, dei deltek i Operasjon Dagsverk og i elevutveksling mellom ulike land. Alt dette fører til at dei forstår ulike kulturar betre.

Bli kjend med norsk språk og kultur

Å bli kjend med den norske kulturen og det norske språket er ein viktig føresetnad for å bli integrert i samfunnet, og det er derfor ei viktig oppgåve å gi barn og ungdom som bur i Noreg, denne innsikta, samtidig som det må vere mogleg for dei å ta vare på den opphavlege kulturtilhøyrsla.

Ulike utmerkingar

Vi har ulike utmerkingar som skal stimulere til arbeid med internasjonale spørsmål og arbeid for å førebyggje rasisme. Eit døme på slike utmerkingar er Benjaminprisen.

Benjaminprisen blir årleg delt ut til ein skule som har utmerka seg i arbeidet mot rasisme og diskriminering. Benjaminprisen er kalla opp etter 15 år gamle Benjamin Hermansen som blei drepen på Holmlia 26. januar 2001. Drapet var rasistisk og nazistisk motivert.(Kjelde: Utdanningsdirektoratet)

Internasjonalisering

norsk skule finst det ei rekkje ulike prosjekt som gir norske ungdommar moglegheit til å bli kjende med andre kulturar. Dette kan skje på ulike måtar, som til dømes studiebesøk og arbeidsutveksling.

Anne og Ole har fått høve til å ha tre månader av tida som lærling i eit anna land, medan Lone reiser til Kenya saman med ei gruppe frå skulen for å vere der i 14 dagar. Når Lone kjem heim, vil ho få besøk av elevar frå Kenya som vil vere i Noreg i 14 dagar.

Kompetanse

Å auke kompetansen om rasisme blant dei som jobbar med barn og unge, er god førebygging. Sjå på det positive

Ved å sjå på det positive med eit fleirkulturelt samfunn skaper ein gode haldningar.

Utfordringar til deg

  1. Korleis kan du auke kompetansen din og den fleirkulturelle forståinga di?
  2. Kva for tiltak kan setjast i verk for å førebyggje rasisme blant barn og unge?
  3. Intervju menneske som jobbar med barn. Korleis førebyggjer dei rasisme, og kva gjer dei dersom dei oppdagar rasisme?
  4. Søk på nettet og finn stoff om den internasjonale barnedagen.
  5. Finn ut om det finst internasjonale prosjekt ved skulen din.

Læringsressursar

Førebygging av rasisme og fordommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter