Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Førebygging av rasisme og fordommarChevronRight
  5. Kva er rasisme?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er rasisme?

Rasisme er vondt og vanskeleg for dei som opplever det. Ekstra vanskeleg blir det dersom ingen grip inn og stoppar det som skjer. Dei som opplever rasisme, føler seg ofte krenkte og mindre verde, og det går nokre gonger ut over sjølvkjensla. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du vite kva rasisme er, slik at du kan gripe inn og stoppe det som skjer.

Mange hender. Foto.

Kva er eigentleg rasisme

Rasisme

Rasisme vil seie å behandle nokre menneske dårlegare enn andre på bakgrunn av kultur, geografi eller religion, og ikkje på bakgrunn av handlingane deira.

Rasistiske haldningar

Rasistiske haldningar er idear som er bestemte av fordommar. Dersom vi berre hadde slike fordommar inne i hovudet og ikkje lèt dei påverke korleis vi oppførte oss, kva vi sa, eller kva vi gjorde, ville det kanskje ikkje vere noko stort problem. Men slik er det dessverre ikkje. Alle desse meiningane dannar haldningar og er med på å påverke det vi gjer.

Rasistisk diskriminering

Rasistisk diskriminering er når ein person blir behandla dårlegare enn andre utan at det er andre grunnar til forskjellsbehandlinga enn hans eller hennar opphavsland, kultur, religion eller liknande.

Dersom dei som styrer eit samfunn, har rasistiske haldningar, blir rasisme og diskriminering sett i system. Dette skjer ved at ein gjennom lover og reglar forskjellsbehandlar folk etter kva for gruppe dei tilhøyrer. Då har ein eit rasistisk samfunn, slik som i Sør-Afrika under apartheid.

Kjelde: Henrik Lunde

Når er det rasisme?

Det kan vere vanskeleg å setje grenser for kva som er rasisme og ikkje, og dette ser vi ofte i debattar i media. Noko som éin person beskriv som rasistisk, kan andre argumentere for at ikkje er rasistiske handlingar. Til dømes kan nokre seie at det er rasisme dersom ei ung mørkhuda jente ikkje kjem inn på eit diskotek, medan andre kan seie at ho ikkje kom inn på grunn av at ho var rusa.

Nokre hevdar at det er vanskeleg å ta opp problem i samfunnet vårt på grunn av faren for å bli kalla rasist. Det er viktig at vi kan ta opp problem i samfunnet på ein sakleg måte utan at vi blir mistenkte for å vere rasistiske.

Ansvar som fagarbeidar

Som barne- og ungdomsarbeidar skal du alltid tenkje på barnet sitt beste, og du skal gripe inn dersom barn og ungdom ikkje har det godt. Det betyr blant anna:

  • Dersom barn og ungdom uttrykkjer at dei opplever rasisme, skal du ta denne opplevinga på alvor.
  • Dersom du høyrer at ord som kan opplevast som rasistiske, blir brukte på stader der barn og unge oppheld seg, skal du handle ut frå korleis barn kan oppleve dette.
  • Dersom du opplever at barn og ungdom blir utsette for rasisme, må du gripe inn og hjelpe barnet.
  • Dersom du ser teikningar eller skriveri som kan opplevast som rasistiske, på vegger eller andre plassar, bør du prøve å få det fjerna.

Verkelegheita er ikkje så enkel at vi skråsikkert kan seie om noko er eller ikkje er rasisme. Rasisme kan forståast betre som ein skala frå 0–100 der rasisme i varierande grad kan ha innverknad på det som skjer. Dersom to gutar med ulik hudfarge slåst, kan det vere fordi den eine sølte på den andre, og då har det ingenting med rasisme å gjere. I den andre enden av skalaen har vi drapet på Benjamin Hermansen, der utøvarane var ute etter nokon «som såg ut som utlendingar».

Kjelde: Henrik Lunde

Fordomar

Rasisme kjem av fordommar og mangel på kunnskap, eller at nokon har gitt feil informasjon. Personar innan ei gruppe påverkar kvarandre, og det er ikkje uvanleg at barn og ungdom har rasistiske haldningar og menneskesyn som dei har fått med seg frå heimen eller frå andre grupper dei høyrer til i. Haldningsskapande arbeid er viktig for å fjerne fordommar!

Om rasisme i Noreg

  • Fram til 1881 nekta grunnlova jødar tilgjenge til Noreg.
  • Barn som var fødde under eller rett etter krigen med tysk far, og mødrene deira, blei utsette for mykje ubehag i åra etter krigen.
  • Fram til 1970 blei taterkvinner tvangssteriliserte, og barna deira blei tekne frå dei.
  • Samar i Noreg har i lange periodar vore utsette for ein hard fornorskingspolitkk, og i 1997 bad kong Harald på vegner av det norske folket om tilgiving for dette.
  • Likestillings- og diskrimineringsloven blei vedteken i 2005.
  • Straffelova § 135 heiter "rasismeparagraf" .

Utfordringar til deg

  1. Les Fagbokforlaget si side om rasisme.
  2. Kva er rasisme?
  3. Diskuter korleis barn og unge kan oppleve dei følgjande situasjonane:
    • Ei pakistansk jente passerer ein murvegg tagga full med skjellsord om pakistanarar kvar dag på veg til skulen.
    • Ein ti år gammal gut med afrikanske foreldre får stadig høyre at hudfargen hans blir brukt som skjellsord.
  4. Korleis kan du oppdage rasisme?
  5. Korleis trur du at rasisme blir opplevd?
  6. Kva seier straffelova om rasisme?
  7. Søk på nettet eller intervju personar som har opplevd krigen, og finn ut:
    • Korleis blei jenter som hadde tysk kjærast under krigen, behandla då krigen var slutt?
    • Korleis blei barn med norsk mor og tysk far behandla?
  8. Vel eitt av bileta og skriv ein tekst om rasisme.
  9. Fordjuping: Les om rasisme på samfunnsfag sine sider.

Læringsressursar

Førebygging av rasisme og fordommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter