Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Førebygging av rasisme og fordommarChevronRight
  5. Eit mangfald av menneskeChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Eit mangfald av menneske

Når vi ser på menneske, ser vi at vi er ulike. Når vi snakkar med kvarandre og lærer om korleis vi lever, kva vi liker, kva vi trur på, og korleis vi omgåst kvarandre, oppdagar vi at det er store forskjellar.

En person peker på en annen. Foto.

Utfordrande gruppetenkjing

Med utgangspunkt i ulike eigenskapar plasserer vi menneske i grupper. Vi vil også gjerne tilhøyre ei gruppe som vi føler at vi har ein del til felles med. Dette er naturleg, men det kan bli misbrukt. Den største utfordringa med å plassere menneske i grupper er at vi har lett for å tenkje at alle innanfor den same gruppa har fleire eigenskapar til felles enn det dei faktisk har.

Døme

  • Jødar er ei gruppe basert på ein bestemt religion. Gjennom religionen har jødane mykje felles når det gjeld matvanar, skikkar og verdiar. Men som menneske er dei forskjellige, akkurat som kristne er forskjellige. Nazismen greidde likevel å skape eit stort jødehat i åra rundt andre verdskrig ved at jødane som gruppe blei tillagde mange negative eigenskapar. Jødane blei blant anna skulda for å vere griske, men griske menneske finst i alle religionar. Og det finst sjølvsagt ingenting som tyder på at jødar er meir griske enn andre menneske.
  • Afrikanarar er ei gruppe basert på geografi. Afrika er ein verdsdel med meir enn 50 sjølvstendige land, og mange av landa er mykje større enn Noreg. Sjølv om afrikanarar stort sett har mørkare hud enn personar med nordisk utsjånad, er det stor variasjon i hudfargen mellom menneske frå ulike område i Afrika. I Afrika er det mange religionar, og det er mange ulike levesett og mattradisjonar. Dersom ein begynner å undersøkje, vil ein fort finne ut at det einaste afrikanarar har felles, er at dei er frå Afrika.
  • Dei med mørk hudfarge blir av nokre sett på som éi gruppe. Det er ei gruppeinndeling basert på utsjånad. Men i tillegg til dei fleste afrikanarane omfattar denne gruppa også menneske frå Sør-Europa og store delar av Asia og Sør-Amerika. Her er alle religionane representerte, her er menneske som kjem frå mange ulike statar med ulike styresett, og det er eit mangfald av mattradisjonar, skikkar og kulturuttrykk. Dei fleste menneska i verda har faktisk mørkare hudfarge enn det menneske med nordisk utsjånad har! Og det er ikkje påvist nokon annan eigenskap som alle desse har felles.

Utfordringar til deg

  1. Kjenner du til andre døme på at vi grupperer menneske på den måten som er skildra i teksten over?
  2. Kva er farane med slike grupperingar?
  3. Bruk biletet som inspirasjon til å skrive ein tekst. Fyll ut resten av setninga «Utanpå er vi ulike, men …» sjølv, og bruk dette som tema for teksten.

Læringsressursar

Førebygging av rasisme og fordommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter