Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Førebygging av rasisme og fordommarChevronRight
  5. Ser vi utslag av rasisme i Noreg?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Ser vi utslag av rasisme i Noreg?

Rasisme handlar om enkeltmenneske som opplever diskriminering i kvardagen sin. I Noreg skjer det av og til alvorlege og tragiske hendingar som fortener stor merksemd, og som skaper ein nødvendig debatt.

Slosskamp mellom tre personer. Foto.

Usynlig diskrimminering

Dei mest utbreidde formene for rasistisk diskriminering i Noreg er i liten grad synlege, og dei når sjeldan fram til avisspaltene.

For den enkelte kan det følast vanskeleg å gjere noko med diskrimineringa, og ein møter ofte lita forståing for at ein opplever noko som djupt urettferdig.

  • Det er nedverdigande at kvinner og menn med utanlandske etternamn og som har norske ektefellar, opplever at dei må bruke den norske ektefellen sitt etternamn for å bli innkalla til jobbintervju.
  • Det er audmjukande at ein blir beden om å bruke eit norsk namn i staden for sitt somaliske som telefonseljar.
  • Det er krenkjande at norske menn behandlar ei kvinne som prostituert når ho er i Noreg på jobbutveksling frå eit afrikansk land.
  • Det er urimeleg at foreldre med minoritetsbakgrunn opplever at barnet deira får dårlegare undervising enn andre barn på den same skulen og i den same klassen.

Alle desse døma er baserte på konkrete meldingar til Antirasistisk Senter, og dei er berre toppen av isfjellet.

Andre delar av isfjellet kan belysast i offentlege statistikkar

  • Sjølv i tider med rekordlåg arbeidsløyse er det nordmenn med minoritetsbakgrunn som har høgast arbeidsløyse.
  • Innvandrarar bur trongare enn nordmenn og har dårlegare råd.
  • Halvparten av alle innvandrarane og etterkomarane deira seier at dei opplever diskriminering i Noreg.
  • Statlege bedrifter kallar ikkje kvalifiserte søkjarar med minoritetsbakgrunn inn til jobbintervju.
  • Mange av klagene til Likestillings- og diskrimineringsombodet handla om rasistisk diskriminering.

I fordjupingsteksten som ligg under relatert innhald, kan du finne fagstoff om diskriminering og rasisme

  • i arbeidsliv
  • i bustadssamband
  • på gata
  • på utestader
  • på idrettsbanen

Rasisme og rasistisk diskriminering skjer i alle land og på alle område. Det er veldig mykje som skjer kvar dag som ingen får greie på, anten det er ein slåstkamp, at nokon seier noko negativt til nokon andre, eller at ein blir dårleg behandla.

Det er veldig få som går til aviser eller til politiet. Ein held det for seg sjølv. Derfor er det vanskeleg å «telje» kor mykje rasisme det er i Noreg, eller om han aukar eller minkar. Men at det skjer, er fleire og fleire klare over. Og det skjer i alle område i samfunnet.

Læringsressursar

Førebygging av rasisme og fordommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter