Hopp til innhald

SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

«Rase»

«Rase» er eit ord som tidlegare blei brukt om grupper av menneske. Ein prøvde då å dele menneske inn i ulike rasar på vitskapleg grunnlag.

En person peker på en annen. Foto.

Det har blitt forska på hudfargar, blodtypar, beinstrukturar og hovudformer utan at ein har greidd å lage båsar som eignar seg til å sortere menneska i verda i, så i dag er vi einige om at ei slik inndeling er umogleg.

Det betyr ikkje at alle er like, eller at alle ser like ut, men ulikskapane er ikkje store nok til at vi kan dele folk inn i rasar ut frå fysiske forskjellar. Ein finn mange menneske som ser ganske «like» ut: Dei har same hudfarge, nasetype eller øyre, men det seier ingenting om korleis dei er eller oppfører seg.

Det finst altså ingen slike «naturlege» båsar som vi enkelt og greitt kan putte folk i. Men folk blir likevel grupperte, og dette fører stadig til stigmatisering. I dag heiter ikkje båsen «rase», men mange bruker kultur, geografi eller religion for å lage båsar. Om folk blir delte inn i grupper og alle i gruppa blir tillagde verdiar, meiningar eller handlingar, kallar vi det rasisme. Desse båsane lagar ein ikkje ut frå kva folk gjer, men ut frå kva dei er (til dømes kvar dei er fødde, hva religion dei tilhøyrer, eller kva hudfarge dei har).

Læringsressursar

Førebygging av rasisme og fordommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter