Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Førebygging av rasisme og fordommarChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Førebygging av rasisme og fordommar

Førebygging av rasisme, diskriminering og fordommar krev eit kontinuerleg, fokusert og langsiktig arbeid i barne- og ungdomsarbeidet.

To jenter med sommerkjole leier hender. Foto.

Jo fleire ledd i samfunnet som jobbar med dette temaet, jo større sjanse er det også for å lukkast. Barnehagen kan starte med godt inkluderande arbeid med dei små barna, og vidare kan skulen korrigere åtferd hos eldre barn. Som fagarbeidar i barne- og ungdomsarbeid kan du vere med på å gjere ein forskjell, både ved å engasjere deg i temaet og foreslå nye tiltak. Det kan vere i jobben din, eller om du jobbar som frivillig i ein organisasjon som har barn og ungdom som målgruppe. Det finst fleire tiltak som har som mål å starte god integrering tidleg. Dette er viktig for å få barn og vaksne som flytter til landet vårt raskt inn i ein god kultur og få dei godt etablerte. Det finst også tiltak som korrigerer åtferd hos barn og unge som har vist rasistisk åtferd og er involverte i valdelege hendingar.

Læringsressursar

Førebygging av rasisme og fordommar

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter