Mobbarane har ofte eit normalt sjølvbilete og viser ingen felles ytre kjenneteikn. Mobbinga treng derfor ikkje å vere ein kompensasjon for indre utryggleik eller eigne problem. Dei er ikkje nødvendigvis meir populære enn gjennomsnittet, men kan gi uttrykk for at dei har god sjølvkjensle eller vurderer seg sjølv som betre enn andre.

Makt
Mobbarane viser liten grad av medkjensle og empati med offera, og dei kan ha ein sterk trong til å dominere. Den avgjerande og viktigaste årsaka ligg i aggresjonsforma deira. Mobbarar har generelt ein sterkare aggressivitet som personlegdomstrekk, og dei har ein sterkare grad av den proaktive aggresjonsforma i seg. Denne forma for aggresjon viser seg gjerne ved at ein blir tiltrekt av å ha makt over andre, og mobbarar kan oppnå ei form for stimulans ved å dominere og manipulere andre.
Stimuli
Mobbehandlingane er motiverte av den sosiale stimulansen dei får i situasjonen ved å til dømes såre ein annan, trykkje ein annan ned, ha makt og vise styrke. Hovudforklaringa ligg i at mobbing gir ei viss lønn i form av makt, dominans og tilhøyrsel, og at personar med høg grad av proaktiv aggresjonsform kjenner ei stimulerande, god kjensle ved å sjå andre redde, flaue og så vidare.
Den proaktive aggresjonsforma er stabil over tid, men viser seg ulikt ved ulike situasjonar. Det vil seie at dei godt kan vise ulike sider i ulike situasjonar ved å vere gode og snille nokre gonger, medan dei andre gonger viser ei anna side.
Aggresjon
Mobbing er ein underkategori av aggresjon. All mobbing har aggressive element i seg, men ikkje all aggresjon er mobbing. Mobbarane kan også komme frå heimar med ein del interne problem. Desse problema kan vere dårlege band mellom familiemedlemmene, for få grenser, for lite varme og omsorg, eller at foreldra bruker maktorienterte oppsedingsmetodar. Foreldra sjølve kan også nytte sarkasme, sjikane og spøkje med andre sine svake punkt, og dei kan ha ei meir positiv haldning til vald enn andre. Dette blir då haldningar som barna «arvar».
Empati
Mobbarane er ofte godt sosialt kompetente, men manglar ein vesentleg grad av empati for andre. Denne eigenskapen kan vise seg allereie medan dei er små barn, og kan halde fram uavhengig av alder dersom det ikkje blir sett inn gode tiltak som kan styrkje utviklinga av empati.
Utfordringar til deg
- Kva er det som kjenneteiknar ein mobbar?
- Korleis kan du få mistanke om at ein person mobbar andre?
- Kva betyr proaktive aggresjonsformer?
- Kva kan skule og barnehage gjere dersom dei oppdagar at eit barn er lite empatisk?
Læringsressursar
Forebygging av mobbing og krenkelser
Fagstoff
Mobbing
KjernestoffKva er mobbing?
KjernestoffTeknomobbing
KjernestoffMobbing med mobiltelefon
KjernestoffNokre felles kjenneteikn ved mobbeoffer
Kjernestoff- Kjernestoff
Nokre felles kjenneteikn ved mobbarar Du er her
Konsekvensar av mobbing
KjernestoffMobbing i ulike grupper
KjernestoffKorleis førebyggje mobbing?
KjernestoffVi kan forebygge mobbing
KjernestoffVerdien av vennskap
KjernestoffPsykisk helse hos ungdom
KjernestoffNår mobbing skjer
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Mobbing
KjernestoffOppgåver til filmen «Mobbing»
KjernestoffFull kontroll
KjernestoffOppgåver til «Mobbing i ulike grupper»
KjernestoffKva er teknomobbing?
KjernestoffSpørsmål til filmen «Mobbing med mobil»
Kjernestoff
Kildemateriale
Lærer Bjørndals metode
Kjernestoff