Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Forebygging av mobbing og krenkelserChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Verdien av vennskap

Fleire undersøkingar stadfestar at barn som har venner, er mindre utsette for mobbing. Undersøkingane viser at barn som har fleire gjensidige vennskapsforhold, i mindre grad blir mobba, trass i at dei har personlege eigenskapar som kunne tilseie at dei kunne bli mobba.

To venninner som ler. Foto.

Førebygging

Dette fortel oss at vi har ei viktig oppgåve både i barnehagen, skulen og SFO med å støtte opp om og leggje til rette for at barn skal bli venner med andre, og vi må forsøkje å fange opp dei som fell utanfor fellesskapen.

Det er viktig at vi snakkar med barna om å hjelpe og å inkludere kvarandre, og om det å vere ein god venn. Vi har eit ansvar for at alle skal ha det godt, og for at alle skal kjenne at dei tilhøyrer gruppa. Dette må vere tema for samtalar, både i store og små grupper, og vi vaksne må vere tydelege på at vi ikkje aksepterer at nokon blir stengde ute.

Det å få delta i leik og samspel er svært viktig for den sosiale utviklinga og sjølvoppfatninga til eit individ. For å kunne utvikle deg sosialt må du få delta og vere akseptert for den du er.

Sosialt fellesskap

Vi som jobbar med barn og unge, har ein viktig jobb i å støtte og rettleie barna i leik og samspel, slik at alle får gode høve til å delta på lik linje. Barn som fell utanfor den sosiale fellesskapen, eller som ikkje får delta i leik eller samspel, mistar det høvet dette gir, til å utvikle seg sosialt, språkleg og sansemotorisk. Ikkje minst mistar desse barna dei gode høva til å utvikle ei god sjølvoppfatning ved å få positiv respons på seg sjølv i leik og vennskap.

Barn og unge treffer vennene sine dagleg og er i kontakt med kvarandre ansikt til ansikt. Dei har innsikt i kjenslene til kvarandre, kan vere opne mot kvarandre med fortrulege opplysningar og hemmelegheiter. Skal vennskapen vare, må dei kunne stole på kvarandre. Ein god vennskap gir også rom for å utvikle felles interesser.
( Norsk eLæring)

Du kan lese meir om vennskap ved å lese:

  • fordjupingsteksten om vennskap
  • søkje på vennskap på forskning.no
  • søkje på vennskap på ung.no - der finn du også quizar

Utfordringar til deg

Oppgåver til "Verdien av vennskap"
  1. Kvifor er det så viktig at alle barn har venner?
  2. Korleis kan du som barne- og ungdomsarbeidar hjelpe barn slik at dei får venner?
  3. Diskuter følgjande utsegn frå ein vaksen i barnehagen: «Eg forstår godt at dei andre ikkje vil leike med henne, ho øydelegg jo heile tida.» Kva fortel denne utsegna deg? Korleis bør vi takle barn som har ei åtferd som gjer at dei lett blir utestengde frå leiken?

Læringsressursar

Forebygging av mobbing og krenkelser

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter