Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Forebygging av mobbing og krenkelserChevronRight
  5. Konsekvensar av mobbingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Konsekvensar av mobbing

Mobbing er skadeleg for dei det gjeld, og det øydelegg miljøet. Trivsel og tryggleik er viktige faktorar for å lære og å utvikle seg, både personleg og sosialt. Mobbing er med på å gi barn og unge psykiske helseplager.

Ensom person ved havet. Foto.

Helseplager

Samanhengen mellom det å bli utsett for mobbing og mentale helseplager viser seg særleg i symptom som angst, depresjonar og sjølvmordstankar.

Mobbeoffera opplever ofte at det er dei sjølve det er noko gale med, og dette gjer noko med sjølvbiletet til ein person. Langvarig mobbing kan føre til at ein utviklar frykt for bestemte personar og situasjonar. Denne frykta kan også spreie seg til andre område, og då kan ein utvikle generell angst.

Mobbeoffera kan derfor ofte bli usikre i møte med andre, og dei kan tole sosialt press dårleg. Spesielt jenter som har vore utsette for relasjonell mobbing, kan få belastingar seinare i livet i form av depresjonar, sosial angst og eteforstyrringar.

Også gutar kan få psykiske plager i form av dårleg sjølvbilete, depresjonar og sjølvmordstankar. I studiar av vaksne psykiatriske pasientar rapporterte så mykje som halvparten at dei hadde vore utsette for mobbing då dei var yngre.

Forsking viser også at det ikkje går så bra med mobbarane seinare i livet, heller. Dess eldre dei blir, dess mindre populære blir dei blant jamaldringane sine. Dei som mobbar, kan også begynne med andre antisosiale handlingar som til dømes å gjere hærverk, å stele, å skulke skulen og så vidare. Dette kan utvikle seg vidare til rusmisbruk og annan kriminalitet.

Som nemnt tidlegare vil den proaktive aggresjonsforma halde fram, og ho vil halde fram med å vise seg i ulike situasjonar seinare i livet. Derfor er det viktig å oppdage desse barna tidleg og jobbe for å styrkje empatiutviklinga deira slik at dei blir betre rusta til å ta innover seg og vise innleving i andre sin ståstad.

Sjå filmen fra Supernytt: Arnar rømte fra mobbing.

Utfordringar til deg

  1. Kva konsekvensar kan mobbing få for den som blir mobba?
  2. Kva konsekvensar kan mobbing få for den som mobbar?

Læringsressursar

Forebygging av mobbing og krenkelser

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale