Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Forebygging av mobbing og krenkelserChevronRight
  5. Full kontrollChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Full kontroll

Kortfilmen Full kontroll (2011), regissert av Ola Martin Fjeld, skildrar rå mobbing gjennom bruk av utestengingsmekanismar, stygg ordbruk, vonde handlingar og vald. Filmen viser korleis mobbing kan komme ut av kontroll når dei vaksne ikkje vågar eller klarer å gripe inn tidsnok.

Handlinga

Filmen opnar med at den godt vaksne læraren, Jarle, blir innkalla på rektor sitt kontor for å snakke om klassemiljøet i klassen sin. Jarle sin samtale med rektor blir kryssklipt med scenar frå gymtimen i den same klassen. Jarle uttrykkjer at det er eit godt klassemiljø, men dei kryssklipte scenane frå gymtimen undergrev Jarle si oppfatning. Vi er vitne til ei rekkje episodar der elevar blir trakasserte, plaga, trua og utsette for valdshandlingar. Spørsmåla til rektor viser at ho veit at noko ikkje stemmer i klassen, men Jarle nektar for dette. Forstår han ikkje, eller orkar han ikkje å sjå kva som skjer?

Bakgrunnen for filmen

Full kontroll er ein film som inngjekk i eit opplegg utvikla av «Manifest mot mobbing» (2011–2014), der føremålet var «å arbeide for gode oppvekst- og læringsmiljø med nulltoleranse for mobbing». Mobbing er eit alvorleg samfunnsproblem, og skulen er ein arena der tusenvis av barn og unge dagleg blir mobba. Ulike tiltak er sette i verk. «Manifest mot mobbing» var eit slikt tiltak. Ei rekkje foreiningar og forbund som er engasjerte i oppvekst- og opplæringsmiljøa til barn, skreiv under på manifestet. I 2016 vart manifestet erstatta av «Partnerskap mot mobbing», der tolv sentrale organisasjonar i skule og barnehage samarbeider med regjeringa mot mobbing og for eit godt læringsmiljø.

Om regissøren

Ola Martin Fjeld er utdanna regissør ved Film og TV-Akademiet og har jobba som regissør og produsent sidan 2007. Han har laga ei rekkje kortfilmar, reklamar og musikkvideoar og har henta heim eit knippe prisar, mellom anna Best Dance Video frå U.K. Music Video Awards.

Oppgåver til filmen

1. I filmen er det gjennomgåande eit sprik mellom læraren si forklaring på klassemiljøet og bileta som viser livet til ungdommen i klassen hans. Konkretiser nokre av sprika ved å vise til konkrete scenar i filmen. Kva seier Jarle? Kva skjer i gymtimen?

2. Kva kallar ein verkemiddelet som er brukt her, når Jarle si utsegn blir motsagt av eit klipp som handlar om det same, men som viser at læraren ikkje snakkar sant?

3. Det har begynt ein ny gut i klassen. Kva seier læraren om korleis han blir teken imot? Kva viser scenen frå gymsalen og garderoben?

4. Ei av jentene i klassen blir grovt mobba, og rektor fortel også at ho har hatt eit sjølvmordsforsøk. Beskriv situasjonen hennar: Korleis trur du ho har det? Og kva seier Jarle om situasjonen hennar?

5. Gi ein karakteristikk av dei to «leiarane» for mobbinga, guten og jenta som vi ser dreg det heile i gang og styrer mobbinga. Kva for eigenskapar har dei?

6. Gi ein karakteristikk av nokre av «medlauparane», dei som deltek i mobbinga, men som kanskje ikkje set henne i gang. Kva for eigenskapar har dei?

7. På eit tidspunkt blir ein scene frå gutegarderoben kryssklipt med ein scene frå jentegarderoben, samtidig som mobbinga nærmar seg eit høgdepunkt. Kva gjer dette med spenninga i filmen?

8. Det skjer eit vendepunkt i gute- og jenteforteljinga omtrent samtidig i forteljinga. Kva skaper vendepunktet?

9. Diskuter: Kvifor trur du læraren har ein så annleis versjon av klassemiljøet enn det vi ser i gymtimen?

10. Korleis tolkar du slutten, der Jarle ser andre lærarar som snakkar hyggeleg med kollegaer, og som blir møtt av familien sin i skulegarden? Får du informasjon om Jarle her som gjer at du forstår han betre?

11. Korleis vil du tolke tittelen «Full kontroll»?

12. Kva tenkjer du er tema i filmen, i tillegg til mobbing?

13. Diskuter kva bodskapen i filmen kan vere.

14. Diskuter: Kva kunne ein gjort for å sette ein stoppar for mobbinga? Kven kunne gjort kva?

15. Denne filmen var ein del av ein antimobbekampanje i skulen. Diskuter: Er filmen vellykka? Skaper han merksemd om, og engasjement mot, mobbing?

Læringsressursar

Forebygging av mobbing og krenkelser

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale