Rammeplanen for barnehagar seier at barn har rett til å få kjennskap til tradisjonar knytte til høgtider i dei livssyna som er representerte i barnehagen.

Dei fleste religionar har sine eigne festar, høgtider og seremoniar. Det gir oss gode høve til å gi barna eit spennande glimt inn i kulturane til leikekameratane. Samtidig er det med på å styrkje eigenidentiteten hos barna når høgtider og seremoniar i kulturen deira blir markerte. Dei føler at dei er verde noko, og kjenner seg stolte.
Barnehagen skal ikkje drive forkynning av ein bestemt religion. Religiøse merkedagar er alikevel gode høve til å samle ungane og feire høgtidsdagane saman. Slike markeringar skal berre innehalde aktivitetar på barna sine premissar, og skal elles brukast til å formidle fagstoff om den aktuelle religionen eller høgtida.
Antirasistisk senter lagar kvart år ein kalender med merkedagar for mange ulike religioner og kulturar. Kalenderen finn du på heimesida til Antirasistisk senter. Følg lenkja.
I lenkjesamlinga finn du ein del tips til aktivitetar og verkemiddel som du kan utnytte pedagogisk i ein fleirkulturell og fleirreligiøs samanheng. Vi har prøvd å gruppere dei, men dei kan naturlegvis kombinerast på kryss og tvers. Her er det berre fantasien som set grenser!
Utfordringar til deg
- Kva kan menneske frå andre kulturar lære oss?
- Korleis kan vi lære av kvarandre?
- Kvifor er det viktig å kunne lære av kvarandre?
- Gi eksempel på noko du har lært frå ein annan kultur.
Læringsressursar
Kultur og religion
Fagstoff
Kulturelle ulikskapar
KjernestoffÅ snakke om hijab
KjernestoffSamisk barnehage i Oslo
KjernestoffArbeid med kulturar og religionar
KjernestoffInnvandrerungdom uten forbilder
Kjernestoff- Kjernestoff
Merkedager som pedagogiske ressursar Du er her
Religion og livssyn
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Høgtider og mattradisjonar gjennom året
KjernestoffInnvandrerungdom og identitet
KjernestoffOppgåver til filmen: Samisk barnehage i Oslo
Kjernestoff