Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Kriminalitet og førebyggjande arbeidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Førebyggjande arbeid

Førebygging handlar i denne samanhengen først og fremst om å hindre at barn og unge gjer straffbare handlingar. Det handlar også om å stoppe ein vidare kriminell livsveg for dei barna som allereie har gjort noko kriminelt.

Mennesker på tur. Foto.

Rollemodell

Som barne- og ungdomsarbeidar vil du komme i kontakt med barn og ungdom i barnehage, skule, ungdomsklubb og liknande. Korleis du som fagarbeidar er overfor dei barna og ungdommane du møter, kan vere svært avgjerande for dei vala som dei gjer seinare i livet. Om du viser gode haldningar og er eit godt førebilete, kan dette bidra til at dei vel å følgje dei lovene og reglane som gjeld i samfunnet. Og om du oppfører deg på ein motsett måte, kan det bidra til at somme tenkjer at dei òg berre kan gjere det dei ønskjer – for du er jo ein vaksen person som ikkje bryr deg om lover og reglar, og du har jo ein jobb.

Barn og unge står overfor mange ulike utfordringar, og du som barne- og ungdomsarbeidar vil derfor vere ein viktig støttespelar når dei står overfor vanskelege val. Som rollemodell og førebilete er du viktig i det haldningsdannande arbeidet. Det er også viktig at du som fagarbeidar ser korleis barn og ungdom har det, og grip inn dersom du har mistanke om at nokon er på veg inn i ein kriminell livsveg. Det å lære seg å sjå og høyre er viktig i den daglege jobben din, og det er viktig at du klarer å fange opp signal om korleis dei unge har det, slik at du eventuelt kan setje inn ulike former for hjelpetiltak dersom dei treng det.

Tverrfagleg samarbeid

Du kan også vere ein viktig bidragsytar og samarbeidspartnar i kriminalførebyggjande arbeid ettersom du jobbar tett med barn og unge.

Det finst organisasjonar som jobbar tverrfagleg nettopp med kriminalitetsførebyggjande arbeid, og Samordning av kriminalitetsførebyggjande tiltak (SLT) er ein slik modell. Han er utvikla av Det kriminalitetsførebyggjande råd og blir brukt i mange av kommunane i landet.

Fleire kommunar har i dag éin eller fleire stillingar som berre jobbar med nettopp SLT. Det har vist seg at eit slikt samarbeid mellom politiet, skulen og kommunen er ein svært positiv og effektiv måte å arbeide førebyggjande på.

Når du skal begynne i jobb etter fullført utdanning, vil du kunne bidra i kriminalitetsførebyggjande arbeid på ulike måtar – ut frå kva for ein jobb du har. Ein god start kan derfor vere å ta kontakt med SLT-koordinatoren i kommunen din for å lære meir om dei ulike organisasjonane eller deltakarane i SLT-arbeidet der du bur.

Førebyggjande arbeid

Dei fleste av oss vil truleg før eller seinare komme i ein situasjon der vi ser eller høyrer om personar som har gjort kriminelle handlingar. Det er derfor viktig å vere bevisst på korleis ein skal handtere slike situasjonar. Ver open om haldningane dine til kriminalitet, og forsøk å spreie gode haldningar til omgivnadene dine. Om du og alle rundt deg klarer dette, er det stort håp om at vi i fellesskap kan bidra til at det blir mindre kriminalitet i samfunnet rundt oss.

På sidane til Det kriminalitetsførebyggjande råd finn du mykje informasjon om det førebyggjande arbeidet som blir gjort i Noreg.

Det finst ei rekkje førebyggjande program ein kan bruke i barnehage og skule. På Udir sine heimesider vil du få ei oversikt over slike program.

Korleis kan vi unngå at enkelte vel å gjere kriminelle handlingar?

Dette er ei stor samfunnsutfordring som òg du som barne- og ungdomsarbeider vil jobbe med. Førebyggjande arbeid er den beste metoden for å hindre at unge vel å gjere kriminelle handlingar. Du kan drive førebygging gjennom det du seier og gjer i det daglege arbeidet ditt.

Politiet kan påleggje barn under 15 år og deira føresette å møte til ein bekymringssamtale.

Utfordringar til deg

  1. Korleis trur du at du som barne- og ungdomsarbeidar kan bidra til at unge ikkje gjer kriminelle handlingar?
  2. I lenkjesamlinga finn du tre filmar frå kampanjen «Den ene». Dersom du ønskjer å sjå fleire frå denne serien eller ønskjer å sjå filmane i eit større format, kan du bruke lenkja, eller du kan søkje dei opp på YouTube. Diskuter kva det betyr for barn å ha nokon som bryr seg.
  3. Kva er eit konfliktråd?
  4. Kva er ein bekymringssamtale hos politiet?
  5. Les om kriminalitetsførebyggjande arbeid og ta quizen om kriminalitet på sidene til ung.no. Du finn lenkje i lenkjesamlinga.
  6. Bruk nettsidene til Det kriminalitetsførebyggjande råd og lag eit samandrag om førebygging.
  7. Finn ut om det er tilsett ein SLT-kontakt i kommunen din, og korleis du eventuelt kan samarbeide med han eller henne i arbeidet ditt. Finn også ut kva som blir gjort av kriminalitetsførebyggjande arbeid i kommunen din.
  8. Gjer deg kjend med nettstaden Den ene. Kva finn du her?
    Sjå på sida som inneheld forslag til kva de kan gjere saman med barn. Kva synest du om desse forslaga?
  9. Gjer deg kjend med lenkjene i lenkjesamlinga.
  10. Dersom skulen har filmen Engelen, kan de sjå han og diskutere kva førebyggjande tiltak som burde vore sette inn i dette tilfellet.
  11. Fordjuping: Bruk sidene til forebygging.no og finn fagstoff om kriminalitetsførebyggjande arbeid. Bruk gjerne lenkjene du finn på denne nettsida. Lenkje til sida finn du i lenkjesamlinga.
  12. Fordjuping: På You Tube, om Krimforebygging, finn du ei rekkje videoar med foredrag om ulike sider ved kriminalitet: Sjå nokre av videoane og ta notat.

Læringsressursar

Kriminalitet og førebyggjande arbeid

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter