Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Kriminalitet og førebyggjande arbeidChevronRight
  5. GjengkriminalitetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Gjengkriminalitet

Allereie i 1930-åra byrja amerikanske forskarar å sjå på gjengfenomenet og kva det har å seie for vala unge menneske tek med omsyn til rett og gale.

Ungdommer i tunnel

Gjengar

Det finst mange ulike former for gjengar i Noreg. Organiserte kriminelle miljø er ein liten del av det vi kan kalle gjengmiljø.

På starten av 1990-åra blei det verkeleg fokusert på gjengkriminalitet i Noreg. Vinningskriminalitet og narkotika var viktig inntektskjelder for desse gjengane.

Finn meir informasjon om gjengar og gjengkriminalitet hos Kompetansesenter for kriminalitetsforebygging (Kfk)

Kvar finn du gjengkriminalitet?

I dei største byane er desse miljøa størst, men også på landsbygda finn vi gjengkriminalitet.

Førebygging

Det er viktig at vi følgjer med og er villige til å diskutere korleis vi kan hindre framveksten av kriminelle gjengmiljø.

Som barne- og ungdomsarbeidar er det ein del av jobben din å ta tak i gjengar som uroar deg, anten dette er på ein skule eller i ein ungdomsklubb.

Nokre utfordringar til deg

  1. Kva er gjengkriminalitet?
  2. Gjer deg kjend med sidene til Ungdom mot vold.
    Kva finn du om gjengkriminalitet på desse sidene?
  3. Korleis kan du finne ut om vennegjengen frå fotballaget er inkluderande overfor dei som ikkje speler?
  4. Kva gjer du dersom du oppdagar at dei som ikkje deltek på idrett, ekskluderer dei som er med på idrett?
  5. Gjer deg kjend med sidene til Det kriminalitetsførebyggjande råd (KRÅD).
    • Kven er ansvarleg for desse sidene?
    • Kva kan du finne fagstoff om på desse sidene?
    • Kva kan du finne om gjengkriminalitet på desse sidene?

Læringsressursar

Kriminalitet og førebyggjande arbeid

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter