Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Kriminalitet og førebyggjande arbeidChevronRight
  5. Vald i heimenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vald i heimen

Barn og unge kan oppleve vald på mange arenaer og i mange samanhengar. Dei kan oppleve vald i heimen, på skulen, på fritida og på jobb. Nokre opplever også vald i institusjonar som barneheim, avlastingsbustader og fengsel.

Liten jente set ut et vindu. Foto.

Vald skjer når nokon med vilje bruker styrken sin eller maktstillinga si til å skade andre og det ikkje skjer ved eit uhell. Vald omfattar trugsmål om vald og handlingar som både vil kunne skade, og som faktisk skader. Skaden kan vere på sinnet til eit menneske, eller på helsa, velværet eller kroppen. Vald omfattar også skade som ein med vilje påfører seg sjølv, òg det å ta livet av seg sjølv. Kjelde: Ung.no

Valden kan ramme det enkelte barnet direkte, eller dei kan bli vitne til at andre blir utsette for vald. I tillegg er barn og unge også vitne til mykje vald på TV og i videoar og spel.

Vald i heimen

Vald i heimen er eit alvorleg problem. Her er det snakk om at ein person i heimen utøver vald mot kvinner, menn og/eller barn.

Vald i heimen er ikkje noko nytt fenomen i samfunnet, men dei seinare åra har vi blitt meir merksame på det, slik at vi i langt større grad kan straffeforfølgje dei personane som står bak slike handlingar. Men endå er det nok eit stykke igjen til at alle som blir utsette for slike overgrep, tør å ta eit oppgjer med overgriparane.

Denne forma for overgrep finn vi i dei fleste samfunnsgruppene. Det er viktig at du som barne- og ungdomsarbeidar er merksam på teikn som kan indikere at nokon er utsett for vald i heimen. Skulle du få mistanke om at nokon er utsett for slike overgrep, er det viktig at du følgjer opp og søkjer råd og rettleiing.

Rolla til fagarbeidaren

Barn kan komme til deg og fortelje historier om korleis livet i heimen er, og då er det viktig å ta barnet på alvor og vise barnet den omtanken som er nødvendig i situasjonen. Barn kan ha ein livleg fantasi, og ikkje alt som blir sagt, treng å vere sant. Men du skal la andre vurdere kva som er sant og usant.

Det er viktig at du pratar med nærmaste overordna dersom du får mistanke om eller kjennskap til at nokon av barna eller foreldra deira er utsette for vald eller overgrep.

Innanfor dei fleste kulturane er det framleis litt tabu å snakke om dette temaet, og i tillegg kan det vere kulturelle forskjellar på kva som blir rekna som vald i heimen. Uansett er det viktig at bryr deg dersom du ser teikn på at nokon kan vere utsett for slike handlingar.

Mykje vald er skjult og blir aldri meld. Det er viktig at du hugsar teieplikta di. Det du observerer på jobb, er ikkje noko du skal prate med naboen din om.

Du kan også finne fagstoff om vald under fleire av fagstoffsidene våre, som til dømes

  • mobbing
  • rasisme
  • omsorgssvikt

Utfordringar til deg

  1. Kva er vald?
  2. Gjer deg kjend med sidene til ung.no om vald. Lag ein brosjyre om ulike typar vald som barn og unge blir utsette for.
  3. Finn kampanjen «Vennligst forstyrr!» på nettet. Kva handlar han om, og kva kan du lære her?
  4. Kva vil du gjere dersom eit barn fortel at ein av foreldra slår?
  5. Kvifor er det viktig at du lèt andre avgjere om barnet snakkar sant eller ikkje?
  6. Ta kontakt med barnevern og politi og finn ut kva du som barne- og ungdomsarbeidar bør gjere dersom du får mistanke om vald mot barn.
  7. Bruk sidene til Statistisk sentralbyrå og finn ut kor mykje vald som blir meld i fylket ditt.

Læringsressursar

Kriminalitet og førebyggjande arbeid

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter