Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Kriminalitet og førebyggjande arbeidChevronRight
  5. Hensikta med straffChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Hensikta med straff

I arbeidet med barn og ungdom blir det brukt ulike typar straff. Det er ofte stor usemje knytt til bruk av straff. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du kjenne til kva ulik straff inneber.

Bastøy fengsel i Oslofjorden er Arena for ansvarstrening. En medarbeider er på vei over et jorde for å se til en av de insatte. Foto.

Hensikta med straff

Det er fleire grunnar til å praktisere straff:

  • Straffa skal få lovbrytaren til å forstå at «brotsverk lønner seg ikkje». Han eller ho skal tenkje over det vedkommande har gjort, og angre. Dessutan skal straffa vere ein såpass hard reaksjon at ho skal skremme vedkommande frå å gjere nye brotsverk. Sidan straffa skal skremme den enkelte frå å gjere nye lovbrot, seier vi at straffa er meint å ha ein individualpreventiv verknad.

  • Straffa skal også skremme andre enn den dømde frå å gjere lovbrot. Når vi som stort sett held oss på den rette sida av lova, stadig høyrer om lovbrytarar som blir dømde, blir vi minte om kva som kan skje med oss dersom vi bryt lova. Derfor seier vi at noko av hensikta med å straffe, er at straffa skal ha ein allmennpreventiv verknad. Vi les av og til i avisene at sjølv om det er ein del formildande omstende når det gjeld lovbrytaren, må vedkommande av allmennpreventive omsyn få streng straff.

  • Når ein person blir dømd til fengsel, blir samfunnet beskytta mot nye lovbrot i den tida vedkommande sit inne.

Utfordringar til deg

  1. Kva er hensikta med straff?
  2. Korleis kan straff verke på den enkelte?
  3. Kan straff verke på andre måtar enn det som var hensikta?
  4. Kva tankar har du om straff?
  5. Diskuter bruken av straff mot barn og unge.
  6. Kva er allmennpreventive omsyn?

Læringsressursar

Kriminalitet og førebyggjande arbeid

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter