Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Arbeid med barn, unge og ulike mediumChevronRight
  5. Den mørke sida til mediaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Den mørke sida til media

Dei nye media er lette å bruke, og høva for tovegskommunikasjon kan vere mange og gode. Men media har også nokre mørke sider.

Mann sitter med hodet i henda på arbeidstedet. Foto

Eksempel

Stel tid

Tv og Internett er «tidstjuvar». Enkelte unge sit framfor dataskjermen eller fjernsynet i mange timar. Det går ofte ut over andre gjeremål, plikter eller skulearbeid.

Kan passivisera og være isolerande

Mange barn – og vaksne – er så oppslukte av pc-en og tv-en at dei «gløymer» å røre seg. Alle menneske har behov for å vere fysisk aktive. Nokre barn er i nesten heile fritida heime på rommet sitt framfor skjermbaserte medium, og dei vel vekk fellesrommet – stova.

Påverkar verkelegheitsoppfatninga

Mange tv-seriar gir eit bilete av verkelegheita som ligg fjernt frå vår eiga. Barne-tv har også ein tendens til å framstille vaksne som dumme og klønete, og barna som dei leiande. Det styrkjer sjølvtilliten deira, men kan også svekkje respekten for dei vaksne.

Verkar einsrettande

Samtidig som media knyter menneske over heile kloden tettare saman, kan dei også viske ut kulturelle særtrekk. Det kjem av at det er dei store aktørane som set standarden, først og fremst innan fjernsynsunderhaldninga. Dei største medieselskapa er amerikanske og formidlar amerikanske verdiar. Dei har ressursar til å lage mange filmar og tv-seriar, også animasjonsseriar. For dei nasjonale tv-selskapa er det billigare å kjøpe visingsrett til desse seriane enn å lage sine eigne.

Skaper kjøpepress

Media inneheld mykje reklame, og barn lèt seg lett påverke, særleg når «alle» dei kjenner, også kjøper dei produkta det blir reklamert for.

Distraherer

Når vi stadig blir distraherte av telefonsamtalar, tekstmeldingar eller e-postar som poppar opp, kan det gå ut over konsentrasjonsevna og produktiviteten, anten vi er skoleelevar eller vaksne arbeidstakarar.

Manglande kjeldekontroll

Internett gir oss eit hav av informasjon, men det er vanskeleg å kontrollere at informasjonen er riktig. Nettleksikonet Wikipedia blir flittig brukt av både barn og vaksne, men kvalitetskontrollen er avgrensa. Kven som helst kan registrere opplysningar i leksikonet.

Manglar aldersgrenser

Det er vanskeleg å føre kontroll med korleis media blir brukte. Både Internett og tv har innhald som barn ikkje har godt av, for eksempel vald og pornografi. Ifølgje Medietilsynet spelar heile 30 prosent av barn mellom ni og tolv år dataspel som er meint for vaksne.

Manglar personvern

På Internett er det lett å publisere informasjon om oss sjølve og andre. Det er også lett å leggje ut bilete og filmar av oss sjølve og andre. Men vi kan ikkje kontrollere korleis andre bruker dette. Barneporno og identitetstjuveri er kjende problem. Å chatte på ein av pratekanalane er morosamt og lærerikt, og dei fleste som vi «treffer» der, er vennlegsinna. Men nettprat kan også føre oss i kontakt med personar som har uærlege hensikter.

Blir brukt til mobbing

Mobbing via mobiltelefonar, e-post, på heimesider, i praterom og gjennom å publisere mobberelaterte videosnuttar på Internett er eit aukande problem. Mobbing er belastande og audmjukande for dei som blir ramma.

Utfordringar til deg

  1. Diskuter emsempla i fagstoffet.
  2. Kva kan du som barne- og ungdomsarbeidar gjere for at barn og unge skal bli klar over desse ulike sidene ved media?
  3. Vel deg eit eksempel som du fordjupar deg i. Presenter det du finn ut, for resten av klassen.

Læringsressursar

Arbeid med barn, unge og ulike medium

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter