Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Arbeid med barn, unge og ulike mediumChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Sosiale arenaer

Mediekulturen har langt på veg endra vilkåra for sosialiseringa av barn. Særleg har tv og Internett fått ei vesentleg sosialiserande rolle. Barn lærer sosiale ferdigheiter gjennom det dei ser på tv- og dataskjermen, for eksempel å samarbeide og forstå andre.

Logoer av sosiale medier. Foto.

Endra mediekvardag

Mediesituasjonen har ført til at kunnskap og verdiar blir overførte frå dei vaksne til dei yngre på nye måtar. Unge menneske blir i høg grad informerte og inspirerte av det dei finn i media.

I tillegg til dei vanlege sosiale arenaene, som heimen, barnehagen, skulen og fritidsaktivitetane, har media gitt barn nye sosiale arenaer:

Sosiale medium

Twitter, Facebook, SnapChat, Flickr, YouTube og personlege bloggar blir stadig viktigare for oss. Her «møter» vi venner, kjende og ukjende heile tida. I tillegg finst det diskusjonsfora av alle slag.

TV

Mange tv-seriar verkar samlande på familien. Ikkje minst gjeld det konkurransar som Skal vi danse?, Jakten på kjærligheten, Mesternes mester, Farmen og så vidare. Barna diskuterer ofte programma seg imellom, og med foreldra.

Chattekanalar

På pratekanalane, eller «chatte-kanalane», på nettet kan barn vere anonyme eller ta på seg ein annan personlegdom. For eksempel kan dei velje om dei vil stå fram som gut eller jente. Her kan barna fortelje eller spørje om ting dei ikkje vågar å ta opp på skulen eller heime. Her kan dei også få tilbakemeldingar på ting dei lurer på.

Mobiltelefonar

Avanserte mobiltelefonar har på kort tid blitt ein viktig del av kvardagen til barna. Telefonen blir brukt til å gjere avtalar, spele spel og utveksle informasjon. SMS-ar og bilete flyg fram og tilbake i høgt tempo. Telefonen er med på å knyte dei unge saman og knyter også dei unge saman med familien.

Utfordringar til deg

  1. Kva er meint med at mediekulturen langt på veg har endra vilkåra for sosialiseringa av barn?
  2. Gjer deg kjend med Twitter, Facebook, SnapChat, Flickr, YouTube og personlege bloggar. Gjer greie for korleis barn og unge bruker dei.
  3. Kva for sosiale medium bruker du? Kva bruker du dei til, og kvifor?
  4. Intervju barn i ulike aldrar om kva pratekanalar dei bruker.
  5. Når bør barn få mobiltelefon?

Læringsressursar

Arbeid med barn, unge og ulike medium

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter