Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Arbeid med barn, unge og ulike mediumChevronRight
  5. Barne- og ungdomsarbeidaren og mediaChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Barne- og ungdomsarbeidaren og media

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er ein sentral dimensjon i alle delar av samfunnet. Det er viktig at barn forstår media og lærer å bruke dei så tidleg som mogleg. Då utviklar dei også tidleg ein sunn, kritisk sans til innhaldet i media. Her har barne- og ungdomsarbeidaren ei viktig oppgåve.

Barn bruker ulike digitale enheter på et rom. Foto.

Tilgang til gode medietilbod

Styresmaktene har slått fast at barn og unge skal sikrast tilgang til gode medietilbod. I ei stortingsmelding om oppvekst- og levekår for barn skriv Barne-, likestillings- og integreringsdepartementet at:

«Mediene har stor innflytelse, både over vårt selvbilde og vårt bilde av verden omkring oss. Ikke minst gjelder dette barn og unge, som ikke har en ferdig utviklet kulturell og språklig identitet. Mediene fremstiller bare en del av virkeligheten. De benytter seg av koder, klisjeer og kulturelle henvisninger som det krever læring og erfaring for å forstå. For å kunne nyttiggjøre seg medietilbudet har barn og unge behov for kompetanse, for å kunne lese mediene, forstå koder som blir brukt og bakenforliggende motiver.» (St.meld. nr. 39 (2001–2002))

Når barn kjem til barnehagen, har dei fleste allereie litt kunnskap om og erfaring frå media. Dei har sett fjernsyn, blitt lesne til frå bøker og har kanskje også prøvd seg på enkle dataspel.

Særleg dei digitale media gir barn og unge høve til å utforske, leike, finne informasjon og kommunisere med kvarandre. Barna er nysgjerrige og vil gjerne utforske og forstå korleis ting heng saman. Her kan media og digitale verktøy (kamera, elektroniske leiker, datamaskinar, mp3-spelarar og så vidare) supplere arbeidsmåtane til barnehagen. Media bør brukast til å støtte læringa til barna.

Oppgåva di som fagarbeidar

Oppgåva di som barne- og ungdomsarbeidar er å spegle og skape samanheng mellom det barna gjer heime og på fritida, og det dei gjer i barnehagen, skulen eller skulefritidsordninga. Vi bør oppmuntre barna til å bruke media og digitale verktøy slik at dei blir fortrulege med dei. Det krev at vi sjølv har ein del kunnskapar om og sjølve meistrar media og digitale verktøy.

Ifølgje Rammeplan for barnehagens innhold og oppgaver (2006) bør barna i barnehagen «få oppleve at digitale verktøy kan være en kilde til lek, kommunikasjon og innhenting av kunnskap».

Utfordringar til deg

  1. I lenkjesamlinga finn du temaheftet om IKT i barnehagen. Gjer deg kjend med dette.
  2. Diskuter korleis ulike medium bør brukast i arbeidet med barn og unge i ulike aldrar.
  3. Kva for ansvar har du som barne- og ungdomsarbeidar for å introdusere barn for ulike medium?
  4. Sjå filmane Veiledning av ungdom 1 og 2. Korleis vurderer de dei to måtane å reagere på? Korleis ville du reagert i ein liknande situasjon?

Læringsressursar

Arbeid med barn, unge og ulike medium

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter