Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Arbeid med barn, unge og ulike mediumChevronRight
SubjectEmne

EMNE

Arbeid med barn, unge og ulike medium

Barn og unge veks opp med mange ulike medium. Ein barne-og ungdomsarbeidar kan vere ein god rollemodell og rettleie i bruken av desse. Det er ein stor jobb for alle som jobbar med barn og unge å setje seg inn i ulike sosiale medium, og å følgje med på trendar og utfordringar.

Unge som bruker ulike digitale enheter. Foto.

Dei fleste barn i dag har ein mobiltelefon, eit nettbrett eller ein PC. Dei har òg ulike appar og spel, og kommuniserer på desse. For eit barn kan det vere vanskeleg å vite kva som er greitt og ikkje greitt. Det er derfor det er ei 13-årsgrense på mange av desse nettstadene. For 13-åringar og oppover kan det òg vere behov for mykje rettleiing og kommunikasjon rundt ulike medium. Det vil òg vere behov for rettleiing rundt korleis ein oppfører seg på nettet, kva for spor ein legg att, og kva som er eigne grenser. Utfordringar og lovverk rundt deling av bilete og opphavsrett er tema som er viktige for ein barne- og ungdomsarbeidar å arbeide med.

Læringsressursar

Arbeid med barn, unge og ulike medium